Kontaktperson

Jan Gaute Sannarnes
Økonomisk stab

Telefon: 55 59 75 34
Epost: jgsa@kt.no

Masteroppgåve

Konkurransetilsynet deler kvart år ut pris til mastergradstudentar i samfunnsøkonomi og rettsvitskap. Den beste masteroppgåva innan kvart av dei to fagområda vert premiert med 25 000 kroner. Målet med konkurransen er å auke interessa for konkurranseøkonomi og konkurranserett blant studentar, og å utvikle nettverket mellom akademia og tilsynet.

For studentar i rettsvitskap må oppgåva handle om eit tema innan norsk og/eller internasjonal konkurranserett. I samfunnsøkonomi må oppgåva ta føre seg konkurranseøkonomiske problemstillingar, som for eksempel korleis marknader fungerer, verknader av konkurransereguleringar eller effektar av offentlege tiltak.

Påmelding
I årets konkurranse skal masteroppgåva vere levert inn i undervisningsåret 2016–2017 til undervisningsstaden.
Oppgåva må vere ein del av eksamen til mastergrad med minst 30 studiepoeng. Oppgåva skal vere levert inn til Konkurransetilsynet innan 1. oktober 2017.

Det er ein føresetnad for å delta i konkurransen at Konkurransetilsynet kan gjere oppgåva tilgjengeleg på tilsynet si nettside utan honorering utover premien.

Masteroppgåva skal sendast til post@konkurransetilsynet.no saman med kontaktinformasjon. Vidare skal og karakterutskrift frå masteroppgåva følgje med eller ettersendast når karakter ligg føre.

Vurdering
Oppgåvene vert vurderte av ein jury med juridisk direktør og sjeføkonom i Konkurransetilsynet, og to eksterne jurymedlemer innan jus og økonomi.

Sjå forslag til tema for masteroppgåve >>

Sjå liste over tidlegare prisvinnarar >>

Sist endret: