Karin Stakkestad Laastad_stort2.jpg
Karin Stakkestad Laastad, juridisk direktør.

Dokumenter

Oslo Tingrett - Dom Jotunfjell

 

Kontaktpersonar:               

Karin Stakkestad Laastad
Telefon: 55 59 75 36 Mobiltelefon: 975 66 923
E-post: kala@kt.no

 

 

Medhald i tingretten

Oslo tingrett har gitt tilsynet fullt medhald i saka der Jotunfjell Partners vart dømt til å betale eit gebyr på kr 700 000 kroner for brot på gjennomføringsforbodet.

Jotunfjell Partners braut gjennomføringsforbodet i konkurranselova då dei overtok leigekontraktar, utstyr og varelager frå 18 tidlegare FotoKnudsen-butikkar før oppkjøpet var klarert av Konkurransetilsynet. Selskapet meinte at gebyret var gitt på feil grunnlag og i alle tilfelle burde reduserast.

Dette var Oslo tingrett ikkje einig i. Retten la betydeleg vekt på at formålet med gjennomføringsforbodet er å sikre at eit eventuelt seinare vedtak om inngrep i fusjonssaker skal kunne gjennomførast på ein effektiv måte og at dei tiltaka Jotunfjell Partners gjennomførte gjorde dette vanskeleg. Retten slo også fast at alle føretak pliktar å innrette seg etter gjennomføringsforbodet og at ein ikkje kan bryte forbodet med grunngjeving om at ein skulle ha fått unntak frå forbodet.

Retten hadde ikkje innvendingar til Konkurransetilsynet si utmåling og kom til at gebyret på kr 700 000 kroner var passande. 

Dommen frå Oslo tingrett >>

Effektiv fusjonskontroll
– Vi er fornøgde med dommen. Det er viktig at gjennomføringsforbodet blir respektert for at fusjonskontrollen skal vere effektiv og det har retten støtta oss fullt og heilt på, seier juridisk direktør Karin Stakkestad Laastad.

Sist endret: