Elisabeth Steckmest.JPG
Seniorrådgjevar Elisabeth Steckmest

Kontaktpersonar

Elisabeth Steckmest
Seniorrådgiver
Tlf: 90620882

Ønskjer auka flykonkurranse i nord

Konkurransetilsynet har tre klare råd i sitt høyringssvar til Samferdselsdepartementet sitt arbeid med nytt anbod på regionale ruteflygingar i Nord-Noreg.

Samferdselsdepartementet arbeider med nytt anbod på regionale ruteflygingar i Nord-Noreg frå 1. april 2017. I samband med det har Samferdselsdepartementet fått utarbeidd ein rapport med forslag til anbodsordning for regionale flyruter. Departementet har sendt saka ut på høyring for å få innspel til arbeidet. 

Konkurransetilsynet er positiv til fleire av forslaga i rapporten, men har tre klare råd for å sikre at konkurransen i marknaden blir vareteken:

  • For å sikre at nye aktørar skal ha tilstrekkeleg tid til å kunne skaffe fly, tilpasse dei, trene opp besetningen og få nødvendige løyve frå Luftfartstilsynet, må Samferdselsdepartementet kunne utsette oppstarten til etter 1. april 2017 dersom dette er nødvendig.

 

  • For å redusere etableringshindringane i marknaden for regionale flyruter er det avgjerande at Samferdselsdepartementet har kontroll over nødvendig infrastruktur, og at dette ikkje ligg hos éin av aktørane. Konkurransetilsynet føreslår derfor at departementet sjølv står for å skaffe godkjent navigasjonsutstyr, eller i det minste sikrar kontroll over navigasjonsutstyret, som deretter blir tilbode aktørane som vinn anbodskonkurransen.

 

  • Konkurransetilsynet viser til at det i andre anbodskonkurransar er sett ei avgrensing på kor mange kontraktar eitt og same selskap kan vinne. Tilsynet oppfordrar Samferdselsdepartementet til å vurdere om det er mogleg å inkludere ei liknande avgrensing ved tildeling av ruter ved neste anbodsrunde.
Sist endret: