Beate_Berrefjord_stort.jpg
Fungerande avdelingsdirektør Beate Berrefjord.

Kontaktpersonar

Beate Milford Berrefjord
fungerande avdelingsleiar

Tlf: 412 59 620

Pressebilde >>

Orkla får kjøpe Cederroth på vilkår

Konkurransetilsynet godkjenner at Orkla ASA kjøper Cederroth Intressenter AB. Orkla forpliktar seg til å selje merkevara Asan til ein eigna og uavhengig kjøpar for å unngå at oppkjøpet svekkjer konkurransen.

Konkurransetilsynet har funne at med oppkjøpet av Asan vil Orkla, som allereie har merkevara Dr. Greve, bli den einaste leverandøren i marknaden. For å unngå at oppkjøpet fører til eller forsterkar ei vesentleg avgrensing av konkurransen i dagligvarehandelen har Orkla føreslått å selje Asan til ein eigna og uavhengig kjøpar.

– Oppkjøpet ville ført til monopol for Orkla. Eit sal av Asan til ein eigna og uavhengig kjøpar medfører at det framleis vil vere konkurranse etter føretakssamanslutninga, seier konkurransedirektør Christine Meyer.

Svekka konkurranse kan føre til høgare prisar på desse produkta både for daglegvarekjedene og for forbrukarane. Det kan også føre til dårlegare utval.

– Orkla sine forslag til avhjelpande tiltak vil i tilstrekkeleg grad avbøte Konkurransetilsynet sine bekymringar og tilsynet har derfor godkjent oppkjøpet, seier fungerande avdelingsdirektør Beate Berrefjord.

Sist endret: