Katrine_Holm_Reiso.JPG
Prosjektleiar Katrine Holm Reiso.

Kontaktpersonar

Pressetelefon: 47 66 77 77

Nets får kjøpe Kortaccept

Konkurransetilsynet har etter ei grundig vurdering ikkje funne grunnlag for å gripe inn mot Nets sitt oppkjøp av Kortaccept, som er Nordea si innløysarverksemd. Dermed blir oppkjøpet tillate. Det vart meldt til Konkurransetilsynet 3. juli 2015.

Konkurransetilsynet skal vurdere konkurranseavgrensande verknader av fusjonar og oppkjøp. Oppkjøpet har reist flere konkurransemessige problemstillingar som har blitt grundig vurdert.

– Konkurransetilsynet si avgjerd om å legge bort saka er ei samla vurdering basert på eigne analysar, i tillegg til kontakt med kundar, konkurrentar og aktørar i tilgrensande marknader, seier prosjektleiar Katrine Holm Reiso.

Det er Konkurransetilsynet si vurdering at oppkjøpet ikkje vil medføre ei vesentleg avgrensing av konkurransen, og dermed blir oppkjøpet tillate.

Sist endret: