Magnus_Gabrielsen_pressefoto.jpg
Avdelingsdirektør Magnus Gabrielsen

Kontaktpersoner

Magnus Gabrielsen
Avdelingsdirektør
Mobil 990 95 774

Pressebilder >>

AT Skog får ikkje kjøpe NEG Skog

Konkurransetilsynet har vedtatt å forby AT Skog SA sitt oppkjøp av NEG Skog AS.

 

Årsaka er at oppkjøpet vil føre til at konkurransen i marknadene for sal av sagtømmer og massevirke til industrikundar i Agderfylka blir vesentleg avgrensa.

Dei to næraste konkurrentane
I Agderfylka er det to tømmeromsetjarar som sel store volum av sagtømmer og massevirke til sagbruk og treforedlingsindustri.

– Gjennom oppkjøpet fjernar AT Skog sin næraste konkurrent, og etter oppkjøpet ville kundane stått igjen med få eller ingen alternative leverandørar, seier prosjektleiar Hanne Dahl Amundsen.

Omfattande undersøkingar
Konkurransetilsynet skal stanse fusjonar og oppkjøp som fører til vesentlig avgrensa konkurranse. Tilsynet har i denne saka gjennomført omfattande undersøkingar både blant kundar og konkurrentar for å kunne vurdere konkurranseverknadene av oppkjøpet.

– Vi har konkludert med at det tar lang tid å etablere seg som tømmeromsetjar i Agder med ei betydeleg omsetning. Vidare er det avgrensa potensiell konkurranse frå tømmeromsetjarar i andre geografiske område, og denne potensielle konkurransen er ikkje tilstrekkeleg til å hindre utøving av marknadsmakt, seier avdelingsdirektør Magnus Gabrielsen.

AT Skog - NEG Skog

  • AT Skogs oppkjøp av NEG Skog blei meldt til Konkurransetilsynet 24. november 2015.
  • Tilsynet varsla 3. mars 2016 om at det var aktuelt å stanse oppkjøpet.
  • Konkurransetilsynet vedtek å stanse oppkjøpet 19. april 2016.

 

 

Meir om behandling av fusjonar og oppkjøp >>

Sist endret: