Årsmelding 2015.JPG

Kontaktinformasjon

Pressetelefon: 47 66 77 77

Årsmelding 2015: Gjennomslag i rettsapparatet

Rekordmange inngrep i fusjonssaker og gjennomslag i rettsapparatet er stikkord for Konkurransetilsynets arbeidsår i 2015.

Tilsynet greip inn i fem av dei mange fusjons-sakene som var melde inn til tilsynet. Det er det største talet nokon gong i eit einskild år sidan 2007.

– Fleire av desse gjeld strukturendringar i store, konsentrerte marknader med sal direkte til forbrukarane, som til dømes mobiltelefon-, daglegvare- og bensinmarknaden, seier konkurransedirektør Lars Sørgard.

Parallelt med arbeidet med føretakssamanslutningar har tilsynet halde ved lag høg aktivitet på etterforskingsområdet.

Gjennomslag i rettsapparatet
Tilsynet har i 2015 fått medhald i saker som har blitt anka inn til retten, noko som viser at vedtaka held eit høgt nivå.

Mellom anna behandla Borgarting lagmannsrett vedtaket frå 2013 der to asfaltselskap fekk gebyr for å ha samarbeidd ulovleg, og gav tilsynet fullt medhald. Dommen er rettskraftig etter at kjæremålsutvalet til Høgsterett avviste anken.

– Vedtaka i rettsapparatet forsterkar dei preventive verknadene av konkurranselova ved å gi eit kraftfullt signal om at alvorlege brot på konkurransereglane blir strengt sanksjonert, seier Sørgard. 

Internasjonal merksemd
I tillegg til effektiv sakshandsaming, skal Konkurransetilsynet ha fagleg kvalitet på sakshandsaminga på eit høgt internasjonalt nivå.

– Det har vore ein internasjonal trend å auke bruken av kvantitative metodar til å avgrense marknader og analysere verknad av strukturendringar, og tilsynet sitt arbeid er også prega av dette. Det har over fleire år systematisk blitt bygd opp kompetanse innan kvantitativ analyse. Gjennom presentasjonar av våre saker i internasjonale forum har tilsynet også fått faglege tilbakemeldingar som stadfestar at vår sakshandsaming i desse sakene ligg på eit høgt internasjonalt nivå, seier Sørgard.

Les heile årmeldinga for 2015 her >> (pdf)

Les også KOFAs årsmelding for 2015 her >> (pdf)

Sist endret: