gjermund_nese_300.JPG
Avdelingsdirektør Gjermund Nese.

Bevissikring i marknaden for flytransport

Konkurransetilsynet har i dag gjennomført bevissikring hos selskap innanfor marknaden for flytransport i Noreg.

Bevissikringa er gjennomført hos selskapet FlyViking AS.

– Vi gjennomfører ein uanmeldt kontroll hos føretaket for å få bekrefta eller avkrefta ein mistanke om brot på konkurranseloven § 10 om konkurranseavgrensande samarbeid, seier avdelingsdirektør Gjermund Nese.

Denne kontrollen er basert på retten si avgjerd, og tilsynet kan beslaglegge relevant materiale. Det at Konkurransetilsynet gjennomfører ei bevissikring inneber ikkje at de involverte selskapa er skuldige i lovbrot.

– Etter at kontrollen er gjennomført, startar arbeidet med å analysere eventuelle funn, seier Nese.

Konkurransetilsynet har ikkje høve til å gå ytterlegare konkret inn i denne aktuelle saka, men dersom det er behov for generell prosessinformasjon, kan avdelingsdirektør Gjermund Nese kontaktast på telefon 911 78 713.

Sist endret: