ingrid gullaksen_stort.jpg
Avdelingsdirektør Ingrid Kjeldstad Gullaksen

Kontaktpersoner

Øyvind Nilssen
Nestleiar
Telefon: 98 83 04 61

 

Ingrid Kjeldstad Gullaksen
Avdelingsdirektør

Pressebilder >>

 



Pressetelefon: 47 66 77 77

Godkjenner ikkje kjøpar av St1

Konkurransetilsynet vurderer at Blue Energy Holding AS ikkje er tilstrekkeleg uavhengig og eigna til å halde oppe konkurransen i bensinmarkedet.

– Bensinmarknaden er ein viktig marknad for norske forbrukarar. Vi har fleire gonger dei siste åra peika på problem i bransjen, og det er nettopp derfor det er avgjerande å syte for at konkurransen ikkje blir ytterlegare redusert, seier konkurransedirektør Lars Sørgard.

Konkurransetilsynet har i si vurdering sett konkurranseproblem ved kjøpars avhengighet til seljar, og vurdert om kjøpar er eigna til å gjenopprette konkurransen i marknaden slik den var før føretakssamanslutninga.

– Det er tre forhold som til saman gjer at vi ikkje godkjenner denne kjøparen. Blue Energy har for tette finansielle bindingar til St1. Vidare meiner vi at Blue Energy ikkje har nok finansielle ressursar til å vere ein effektiv konkurrent i drivstoffmarknaden. Det er også inngått ein merkevareavtale mellom St1 og Blue Energy som bidrar til å redusere konkurransepresset dei imellom, seier avdelingsdirektør Ingrid Kjeldstad Gullaksen.

Bakgrunn: Vilkår om eigna og uavhengig kjøpar
I samband med Konkurransetilsynet si behandling av føretakssamanslutninga mellom ST1 Nordic og Smart Fuel, fann tilsynet at oppkjøpet ville forsterke ei allereie vesentleg avgrensing av konkurransen i drivstoffmarknaden. St1 Nordic fremma forslag om avhjelpande tiltak der mellom anna selskapets eksisterande verksemd i Noreg skulle seljast ut til ein uavhengig og eigna kjøpar, som skulle godkjennast av tilsynet. Konkurransetilsynet fann at det føresleg e tiltaket samla sett ville avbøte dei konkurranseavgrensande verknadene av føretakssamanslutninga og tillet oppkjøpet på desse vilkåra.

St1 Nordic ba 15. februar 2016 om at Blue Energy Holding AS blei godkjend som kjøpar av St1-bensinstasjonane. Konkurransetilsynet varsla 13. april partane om at tilsynet si førebelse vurdering var at Blue Energy ikkje var tilstrekkeleg uavhengig og eigna til å gjenopprette konkurransen i marknaden. Dette synet er halde ved lag i vedtaket.

– Samla sett ser vi at avtalen mellom St1 og Blue Energy reduserer konkurransen mellom selskapa, og det vil ikkje tilsynet tillate, sier Kjeldstad Gullaksen.

Sist endret: