Tipstelefon fusjonar og oppkjøp

 

55 59 76 30

Fusjonar og oppkjøp

Meldeplikt Føretak pliktar å gje Konkurransetilsynet melding om fusjonar, oppkjøp og avtaler som fører til kontroll over andre verksemder. I konkurranselova blir uttrykket føretakssamanslutning brukt. Dersom Konkurransetilsynet finn at ei føretakssamanslutning kan føre til eller forsterke ei vesentleg avgrensing av konkurransen, kan tilsynet fatte vedtak om inngrep.

 

Frå 1.januar 2014 trer endringar i konkurranselova i kraft. Den reviderte konkurranselova inneber ei omfattande heving av terskelverdiane for når eit føretak sjølv pliktar å melde ei føretakssamanslutning til Konkurransetilsynet. Det ligg ikkje lenger føre meldeplikt dersom det involverte føretaket har ei samla omsetning på under 1 milliard kroner i Noreg, eller dersom berre eitt av føretaka har ei årleg omsetning på over 100 millionar kroner i Noreg.

 

Når Konkurransetilsynet finn rimeleg grunn til å tru at konkurransen blir påverka eller dersom det ligg føre særlege omsyn som tilseier nærare undersøking, kan tilsynet likevel påleggje meldeplikt for føretakssamanslutningar som ikkje overstig terskelverdiane. Fristen for å gi slikt pålegg er innan tre månader etter at endeleg avtale er inngått eller det er erverva kontroll.

 

Tips Konkurransetilsynet ønskjer tips om fusjonar og oppkjøp som kan vere konkurranseskadelege.

Hevinga av terskelverdiane fører til at færre føretakssamannslutninger blir melde til Konkurransetilsynet, og det er dermed viktig for tilsynet å få informasjon i form av tips om føretakssamanslutningar som kan vere konkurranseskadelege.

Tips oss om fusjonar og oppkjøp

Konkurransetilsynet ønskjer tips om fusjonar og oppkjøp som kan vere konkurranseskadelege.

Alle tips blir vurdert, men kvart einskild tips vil ikkje få svar. Konkurransetilsynet kan sette i gang nærare undersøkingar, dersom dette blir vurdert som nødvendig.

Konkurransetilsynet oppfordrar til å opplyse om navn og kontaktinformasjon, men tek imot anonyme tips. Legg du inn kontaktinformasjon gir du tilsynet høve til å ta kontakt ved behov for ytterlegare opplysningar.

Ring gjerne vår tipstelefon: 55 59 76 30 (kl. 8.00–15.45, måndag til og med fredag), eller bruk skjemaet nedanfor. (bokmål) (nynorsk)

KONTAKTOPPLYSNINGER (fylles ikke ut dersom det tipses anonymt)
 
 
Sist endret: