Zander Kaaes gate 7
I juni 2016 flytta Konkurransetilsynet inn i nye lokale i Zander Kaaes gate 7.

Historikk

2016
Lars Sørgard tiltrer stillinga som konkurransedirektør i januar. I juni flytter Konkurransetilsynet til nye lokale i Zander Kaaes gate 7.

2015
Magnus Gabrielsen går inn som fungerande konkurransedirektør 1. september etter at Christine Meyer går til Statistisk Sentralbyrå.

2011
Christine Meyer tiltredde som konkurransedirektør 1. april 2011 etter Knut Eggum Johansen. Stillinga som konkurransedirektør er ei åremålsstilling med ein periode på seks år.

2010
Husleieregulering for boliger vart avvikla.

2006
Etter ein kontinuerleg flytteprosess i nærare to og eit halvt år var heile leiargruppa i Konkurransetilsynet samla i Bergen frå 1. september 2006. Den siste markndsavdelinga i Oslo vart avvikla og ansvarsområda delte på to markndsavdelingar i Bergen. Ved utgangen av året hadde nærare 90 personar  arbeidsstaden sin i Bergen. Nokre få tilsette var igjen i Oslo på mellombels basis. Undersøkingar utført av MMI i 2004 og vinteren 2006 viser at Konkurransetilsynet har eit godt omdømme. I den siste undersøkinga meinte heile 9 av 10 at tilsynet sitt arbeid er viktig for samfunnet.

2005
Stortinget vedtok 2. desember 2004 visse endringar i konkurranselova, med verknad frå 1. januar 2005. I tillegg til ein del redaksjonelle endringar vart det mellom anna teke inn ein paragraf som gav Konkurransetilsynet høve til å ilegge lovbrotsgebyr til samanslutningar av føretak. Ei ny EØS-konkurranselov tredde i kraft 19. mai 2005 og erstatta ei lov med same namnet frå 1992. Lova gir Konkurransetilsynet rett til å handheve forbodet i EØS-avtala mot konkurranseavgrensande samarbeid og misbruk av dominerande stilling i saker der samhandelen mellom Noreg og andre EØS-land kan vere påverka. I statsråd 4. februar 2005 vart Knut Eggum Johansen skikka som direktør for Konkurransetilsynet for seks nye år fram til 1. april 2011. To veker seinare la Regjeringa fram ei stortingsmelding om konkurransepolitikk. Med erknad frå 21. mars 2005 vart sekretariatet til Klagenemnda for offentlige anskaffelser (KOFA) lagt inn under Konkurransetilsynet. KOFA-sekretariatet hadde 1. mars flytta inn i ledige kontorlokale hos tilsynet i Oslo. I 2006 flytta sekretariatet igjen - no til Bergen.

2004
Den nye konkurranselova vart sanksjonert av Kronprinsregenten i statsråd 5. mars 2004, etter vedtak i Odelstinget 26. februar. Det vart ikkje fleirtal for ei ordning med en uavhengig klageinstans, som Graver-utvalet hadde foreslått. Lova tredde i kraft 1. mai 2004. Frå same tid vart eit tal forskrifter om prisopplysning overførde frå konkurranselova til marknadsføringslova, med Forbrukerombudet som tilsynsinstans. Svenske og norske konkurransestyresmakter fekk frå 15. februar 2004 høve til å samarbeide tettare. Sverige slutta seg då til ei avtale om utveksling av konfidensiell informasjon om fusjonar, kartell og misbruk av dominerande stilling. Noreg hadde tre år tidlegare inngått ei slik avtale med Danmark og Island. Konkurransetilsynet hadde dei første fire medarbeidarane på plass i mellombelse kontor i Strandgaten 209 i Bergen 3. mai 2004. Fire veker seinare, 1. juni, var det offisiell opning av tilsynets permanente lokaler i Telegrafbygningen midt i sentrum av byen. I første omgang var bemanninga seks personer, men talet auka til ca. 20 i løpet av året, organisert i ei eiga marknadsavdeling. Seinare skjedde ei gradvis opptrapping av verksemda i Bergen, parallelt med ei tilsvarande nedbygging i Oslo. Interessa for ledige stillingar var stor, med opptil 340 søkjarar på éi stilling. I november presenterte Konkurransetilsynet eit fyldig jubileumsskrift som ledd i markeringa av 10-årsjubileet til etaten. Samtidig lanserte tilsynet ein årleg pris til beste masteroppgåve innen konkurranserett og konkurranseøkonomi for studentar i rettsvitskap og samfunnsøkonomi. I Bergen vart ytterlegare to tiltak sett i gang av tilsynet for å styrke og vidareutvikle fagmiljøa: Regelmessige møter i Konkurranserettsforum og Konkurranseøkonomisk forum, med eksterne og interne foredragshaldarar og med invitasjon til utanforståande til å delta.

2003
Konkurranselovutvalet, leia av professor Graver, leverte 9. april 2003 til arbeids- og administrasjonsminister Victor D. Norman ei utgreiing (NOU 2003:12) med forslag til ny konkurranselov. Utvalet foreslo mellom anna forbod mot konkurranseavgrensande samarbeid og misbruk av marknadsmakt, meldeplikt for fusjonar og oppkjøp av en viss storleik, føresegner om lemping av straffansvar og tilgang for Konkurransetilsynet til å kunne pålegge sivilrettslege bøter for lovbrot. Utvalet foreslo og at ei uavhengig nemnd skulle behandle klager på tilsynet sine vedtak. Regjeringa følgde opp utgreiinga i Ot.prp. nr. 6, som vart lagt fram 10. oktober 2003. Også ei anna sak kom i fokus dette året. Regjeringa presenterte 24. januar 2003 St.meld. nr. 17 "Om statlige tilsyn". Ein av konklusjonane i meldinga var at Konkurransetilsynet skulle lokaliserast til Bergen. Etter eit turbulent halvår med heit debatt i massemedia avgjorde Stortinget 6. juni 2003 at flyttinga skulle gjennomførast og vere fullført i løpet av 2006. I byrjinga av september hadde konkurransedirektør Knut Eggum Johansen æra av å ta imot kollegar frå 24 europeiske land og representantar fra Europakommisjonen og EFTA sitt overvakingsorgan til eit to dagers møte i Oslo i regi av ECA (European Competition Authorities). ECA vart oppretta i 2001 som eit internasjonalt nettverk for samarbeid og diskusjon om konkurransepolitikk.

2002
Konkurransetilsynet lanserte nye internettsider 28. august 2002. Nettstaden vart både i 2003 og i 2004 rangert mellom dei ti beste statlege nettstadene, og våren 2003 gjekk Konkurransetilsynet heilt til topps i ei omfattande samanlikning av kvaliteten på denne tenesta hos 495 offentlege etatar.

2001
Parallelt med avviklinga av regionapparatet gjennomførde Konkurransetilsynet ei omorganisering av etaten, for å effektivisere organisasjonen og tilpasse den til å takle nye utfordringar. Frå 1. april 2001 opphøyrde regionkontora som fageige einingar i tilsynet. Omstillingseiningar vart haldne oppe ut året. Overgangen til ny organisasjonsstruktur, med blant anna to marknadsavdelingar og ei etterforskingsavdeling, skjedde formelt frå 1. juni.

2000
Professor Hans Petter Graver vart i statsråd 24. november 2000 oppnemnd til å leie eit utval som skulle gjennomgå norsk konkurranselovgiving og innan 1. november 2002 fremje forslag om eit nytt lovverk på området. For Konkurransetilsynet vart ”omstilling” eit stikkord etter at statsråd Jørgen Kosmo 13. september 2000 informerte om at tilsynets regionapparat skulle avviklast. Stortingsfleirtalet slutta seg til  Regjeringa si innstilling, som var innarbeidd i forslaget til statsbudsjett for 2001. Avgjerda ramma ca. 50 personar, meir enn ein tredel av dei tilsette. Omstillingsprosessen prega verksemda i etaten fram til sommaren 2001.

1999
Einar Hope vende tilbake til forskingsmiljøet i Bergen og Knut Eggum Johansen tiltredde i april som ny konkurransedirektør. Omtrent samtidig starta Konkurransetilsynet kontinuerleg å legge ut vedtak, avgjerder og uttaler på Internett. Alle saker frå og med 1998 kom med. Same året vart ein veteran blant de tilsette, Bjørg Hansen, dekorert med Kongens fortenestemedalje i sølv etter å ha arbeidd i pris- og konkurranseetaten i 50 år, åtte månader og 22 dagar.

1998
Vinteren 1998 kom Konkurransetilsynet ut på verdsveven med si eiga heimeside på Internett, med kraftprisar som det største trekkplasteret.

1996
Med Administrasjonsdepartementet og Utanriksdepartementet som samarbeidspartnarar arrangerte Konkurransetilsynet i juni 1996 ein stor internasjonal konferanse der det deltok ekspertar frå alle verdsdelar: ”Competition Policies for an Integrated World Economy”. Oslo-konferansen vart ein suksess og blei følgd opp to år seinare med ”The Second Oslo Competition Conference”: ”Foundations of Competition Policy Analysis”.

1995
Professor Einar Hope overtok våren 1995 som konkurransedirektør etter at Egil Bakke blei pensjonist.

1994
Lov 11. juni 1993 nr. 65 om konkurranse i ervervsvirksomhet (konkurranselova) og lov 11. juni 1993 nr. 66 om pristiltak tredde i kraft 1. januar 1994, og Konkurransetilsynet kom i verksemd, med den sentrale eininga i Oslo og åtte regionkontor som vart ”arva” etter Statens pristilsyn.

1993
I motsetnad til prislova av 1953, vart konkurranselova og pristiltakslova vedtekne av Stortinget utan ”voldsom kamp”. Regjeringa og stortingsfleirtalet følgde ikkje opp lovutvalet sitt forslag om klagenemnd og eige styre for Konkurransetilsynet. Politisk samordning, leiing og kontroll, under dette klagesaksbehandling, skulle framleis varetakast av det overordna departementet. Ved årsskiftet opphøyrde Prisdirektoratet, Statens pristilsyn og Prisrådet.

1991
Ryssdal-utvalet si utgreiing (NOU 1991: 27 Konkurranse for effektiv ressursbruk) munna ut i eit forslag til to nye lover til avløysing av prislova av 1953, ei alminneleg lov om konkurranse i ervervsverksemd og ei særlov med heimel til generell prisregulering ved fare for uvanlege endringar i prisnivået. Det vart foreslått å opprette ein ny etat, Konkurransetilsynet, til avløysing av Prisdirektoratet og Statens pristilsyn. Utvalet gjekk og inn for eit eige styre for tilsynet og ei eiga nemnd til å behandle klager over einskildvedtak.

1990
Eit utval, med advokat Anders Chr. Stray Ryssdal som formann, vart oppnemnt til å greie ut ei ny pris- og konkurranselovgiving.

1988
Prislova fekk ein ny paragraf om kontroll av bedriftserverv. Prisrådet kunne no mellom anna forby slike oppkjøp eller påby sal av aksjar eller eigardelar, dersom overdraginga ”vil føre til eller forsterke en vesentlig begrensning av konkurransen og dette vil være til skade for allmenne interesser”.

1985
Prisdirektoratet og Statens pristilsyn fekk i oppdrag å handheve den nye kredittkjøpslova med tilhøyrande forskrifter. Dessutan skulle Pristilsynet medverke mellom anna ved handhevinga av marknadsføringslova.

1983
Egil Bakke, som var og er svært aktiv i samfunnsdebatten, vart prisdirektør og gjorde raskt Prisdirektoratet godt synleg i media. Han leidde etaten i tolv år og vart derfor også den første konkurransedirektøren i landet.

1977
Charles Philipson vart den fjerde prisdirektøren i landet. Han slutta ved utgangen av 1982 for å ta til som heradsrettsdommar og seinare høgsterettsdommar.

1967
Husleigeregulering for bustader vart lovfesta. Denne lova har i seinare år fått eit sterkt innskrenka geografisk verkeområde og gjeld nå grovt sett berre for regulering av høgste lovlege leige for umøblerte førkrigsbustader i Oslo og Trondheim.

1961
Rolf Ingvar Semmingsen tok over som prisdirektør etter Thagaard og hadde ansvaret for verksemda i vel 16 år. Mot slutten av året kom ei ny lov som førde til at Statens pristilsyn administrativt vart lagt under Prisdirektoratet som ein ytre etat, med åtte og seinare ni distriktskontor.

1960
Dette året kom ei viktig forskrift som forbaud samarbeid mellom næringsdrivande om prisar og avansar.

1958
Distriktskontora til Prisdirektoratet og Statens pris- og rasjoneringsinspeksjon vart slegne saman og omdanna til Statens pristilsyn. På dette tidspunkt hadde dei to etatane til saman ca. 190 tilsette. Seinare vart talet på stillingar gradvis halvert.

1957
Ei ny forskrift om leverandørreguleringar gjorde det forbode for samanslutningar eller grupper av leverandørar å fastsette prisar og avansar for vidareforhandlarar. Ein einskild leverandør kunne fastsette rettleiande vidareforhandlarprisar, men ikkje bindande.

1954
Då prislova frå 1. januar 1954 vart sett i verk blei det oppretta eit nytt organ, Prisrådet, til å overta ein del av saksområdet det tidlegare Trustkontrollrådet hadde hatt, i første rekkje behandlinga av boikottsaker. Prisrådet, ofte kalla ”et domstolliknende forvaltningsorgan”, har hatt fire høgsterettsdommarar og seinare ein høgsterettsjustitiarius som formenn: Jørgen Berner Thrap (1954 - 1961), Otto Helgesen (1962 – 1969), Trygve Bendiksby (1970 – 1977), Carl L. Stabel (1978 – juni 1984) og Rolv E. Ryssdal (juli 1984 – 1993). Prisdirektoratet var innstillande styresmakt og sekretariat. Alle sakene i Prisrådet er grundig omtala i Pristidende. Prisrådet vart lagt ned då konkurranselova tredde i kraft.

1953
Den mellombelse prislova av 1947 vart avløyst av ei permanent prislov av 26. juni 1953 (lov om kontroll og regulering av priser, utbytte og konkurranseforhold), som treddee i kraft frå 1. januar 1954. Egil Bakke, den siste prisdirektøren og første konkurransedirektøren i Noreg, skreiv ved Prisdirektoratet sitt 75-årsjubileum at det storma rundt direktoratet i 1940-årea og tidleg i 1950-åra og at prislova kom til  under ein veldig kamp.

1948
Ved handhevingslova (lov om oppehalding av pris- og rasjoneringsføresegnene o.a.) av 9. juli 1948 vart det oppretta særskilte organ til å føre kontroll med at prisforskriftene vart overhaldne. Denne lova galdt heilt fram til utgangen av 1993. Det vart oppretta eit eige administrativt organ, Statens pris- og rasjoneringsinspeksjon, med hovudkontor i Oslo og ei rekke distriktskontor rundt om i landet. Etaten hadde på det meste ca. 170 tilsette.

1947
Ei mellombels prislov vart gitt av Stortinget 30. juni 1947.

1946
Distriktskontora til Prisdirektoratet vart oppretta, med ni distrikt og etter kvart ca. 80 tilsette. Dei tok over dei funksjonane fylkesmennene hadde hatt på regulerings- og kontrollområdet under og etter krigen.

1945
Ei provisorisk anordning av 8. mai 1945 tredde straks i kraft som grunnlag for kontroll- og reguleringsverksemda.

1940
Administrasjonsrådet fastsette eit nytt rettsgrunnlag for prisreguleringa. Trustkontrollkontoret vart omdanna og omdøypt til Prisdirektoratet.

1939
Utbrotet av andre verdskrigen gav støyten til ei omlegging og skjerping av kontroll- og reguleringsverksemda. Styresmaktene sette i verk prisstopp, og Trustkontrollkontoret fekk utvida fullmakter.

1936
Trustkontrollkontoret flytta inn i nybygget ved sida av Oslo rådhus, Hieronymus Heyerdahls gate 1, og der har pris- og konkurransestyresmaktene hatt  kontorlokale i alle år seinare, med panoramautsikt over Rådhusplassen mot Akershus festning, Oslofjorden og i våre dagar Aker Brygge.

1926
Stortinget vedtok 12. mars 1926 ei ny lov om kontroll med konkurranseinnskrenkingar og prismisbruk (trustlova), og Statens prisdirektorat skifta namn til Trustkontrollkontoret. Trustlova var gyldig fram til 1. januar 1954.

1920
Wilhelm Lauritz Thagaard tok plass i sjefsstolen for å leie pris- og konkurranseetaten gjennom 40 år. Han sette djupe spor etter seg og  i 1961 vart han heidra med Borgerdådsmedaljen i gull. Dette året kom det ein ny lovbparagraf om at monopol- og storverksemder av alle slag og alle slags samanslutningar, avtalar og andre ordningar mellom næringsdrivande som hadde innskrenkingar i den frie konkurransen som formål, skulle meldast til Statens prisdirektorat og førast inn i eit offentleg register, Kartellregisteret. Alt året etter var 418 sammenslutningar, 51 avtalar og 56 store verksemder registrerte i direktoratet. Næringslivet si plikt til å medverke til å halde Kartellregisteret oppdatert tok ikkje slutt før konkurranselova av 1993 tredde i kraft. Ved avviklinga pr. 1. januar 1994 omfatta registeret 194 samanslutningar, 66 avtalar og 159 store verksemder.

1918
Norsk Pristidende vart utgitt før første gong 9. januar 1918. Det skulle vere eit offisielt organ for kunngjering av maksimalprisar og andre forordningar om prisregulering. Lenge kom det ut svært ofte, med eit nytt nummer omtrent kvar veke, og store deler av næringslivet hadde plikt til å abonnere på bladet. Abonnementsplikta tok slutt først i 1954. Siste nummeret av Pristidende låg føre ved utgangen av 1993. Denne publikasjonen gir eit detaljert innsyn i eit prisregulert samfunn gjennom eit trekvart århundre.

1917
I tilknyting til ei ny lov om regulering av vareprisane blei Statens prisdirektorat oppretta 21. juli 1917.Borgermester Hans Johnsen Gurstad i Drammen vart den første prisdirektøren i Noreg. Ved starten var den samla staben på ni personar. Talet steig raskt til 31, men gjekk så gradvis nedover etter kvart som forholda vart meir normale etter at krigen var slutt. Frå utbrotet av andre verdskrigen og gjennom mesteparten av etterkrigstida har det stort sett vore ca. 100 tilsette i den sentrale delen av pris- og konkurranseetaten.

1914
Krigsutbrotet førte til at det oppstod matpanikk hos store delar av befolkninga. Dei næringsdrivande nytta seg i stor utstrekning av dette til å skru opp vareprisane. Det offentlege måtte gripe inn med reguleringar. Ei provisorisk lovføresegn av 4. august 1914 og ei ny lov av 18. august same året gav styresmaktene høve til å fastsette maksimalprisar, og Statens provianteringskommission vart oppretta.

Tre epokar i etterkrigstiden Pris- og konkurransepolitikken i Noreg i tida etter at tilhøva stabiliserte seg etter andre verdskrigen kan naturleg delast i tre:
• I perioden 1954 – 1971, særleg på 1960-talet, var hovudføremålet med pris- og konkurransepolitikken å effektivisere konkurransen.
• Av retningslinjene for perioden 1972 – 1980 går det klart fram at hovudoppgåva var å medverke til å få prisutviklingen under betre kontroll.
• Frå og med 1981 har dei politiske styresmaktene igjen lagt hovudvekta på at etaten skal bidra til effektiv konkurranse i næringslivet.

Les også "Glimt fra Prisdirektoratets historie 1917 - 1992" (pdf).

Sist endret:

Ansvarlig for denne siden: Kommunikasjonsdirektør