logo kofa.jpg

KOFA

Offentlege innkjøp utgjer ifølgje SSB om lag 462 milliardar kroner i året. Reglane for offentlege anskaffingar skal sikre reell konkurranse om leveransar til stat og kommune, slik at desse pengane blir nytta så effektivt som mogleg.

Offentlige anskaffingar er svært viktige for effektiviteten og ressursbruken i offentleg sektor, og utgjer samstundes ein viktig marknad for næringslivet. Regelverket og handhevinga av det er derfor ein viktig del av konkurransepolitikken.

Klagenemnda for offentlege anskaffingar (KOFA) behandlar klager om brot på lov om offentlege anskaffingar med tilhøyrande forskrifter. Nemnda består av 10 regjeringsoppnemnde medlemer. Leiar av klagenemnda er spesialrådgjevar og tidlegare høgsterettsdommar Georg Fredrik Rieber-Mohn.

KOFA sitt sekretariat er administrativt underlagt Konkurransetilsynet og blir leia av sekretariatsleiar Anneline Vingsgård. Sekretariatet er eit saksførebuande organ som tek imot klagene, syter for tilstrekkeleg opplysning av sakene og utarbeider innstillingar til nemnda. I tillegg er sekretariatet gitt kompetanse til å avvise klager. Sekretariatets avvisningsavgjerder kan klagast til leiaren for klagenemnda.

Uttaler frå klagenemnda er rådgivande, men det er å venta at dei vil bli lagt til grunn i dei aller fleste tilfelle.

Les meir på KOFA si eiga heimeside >>

Sist endret:

Ansvarlig for denne siden: Direktør offentlige anskaffelser