Zander Kaaes gate 7
I juni 2016 flytta Konkurransetilsynet inn i nye lokale i Zander Kaaes gate 7.

Konktakt Konkurransetilsynet

Konkurransetilsynet
Postboks 439 Sentrum
5805  Bergen

Telefon: 55 59 75 00
Telefaks: 55 59 75 99

 

Send en klage på konkurranseskadeleg atferd

Tips oss om brudd på lova

Kontakt oss

Besøksadresse

Hovedkontor:

Zander Kaaes gate 7
5015 Bergen

Om Konkurransetilsynet

Konkurransetilsynet si hovudoppgåve er å handheve konkurranselova.

Konkurranselova forbyr samarbeid som avgrensar konkurransen og misbruk av dominerande stilling. Verksemder har plikt til å melde fusjonar og oppkjøp til Konkurransetilsynet, og tilsynet kan gripe inn mot oppkjøp og fusjonar som avgrensar konkurransen vesentleg. Tilsynet kan på sjølvstendig grunnlag vurdere offentlege ordningar og reguleringar og påpeike konkurranseavgrensande effektar.

I det daglege arbeidet blir det lagt vekt på å gi oversiktleg informasjon og rette incentiv til marknadsaktørane, til beste for forbrukarane, næringslivet og offentleg verksemd.

Konkurransetilsynet ønskjer å vere ein brukarorientert etat. Våre vurderingar og vedtak skal halde eit høgt fagleg internasjonalt nivå, og vi skal møte partane med profesjonalitet og respekt.

Nærings- og fiskeridepartementet legg rammene for Konkurransetilsynet sitt arbeid, og er klageinstans for tilsynets vedtak og avgjerder. Kvart år utarbeider departementet eit dokument som legg føringar for Konkurransetilsynet si verksemd.

Tildelingsbrev Konkurransetilsynet 2017 >>

Nærings- og fiskeridepartementet: Etatsstyring av Konkurransetilsynet

Etablert 1994
Konkurransetilsynet vart etablert 1. januar 1994, samtidig med at konkurranselova og pristiltakslova tredde i kraft. Pris- og konkurransestyresmaktene si historie strekkjer seg likevel heilt tilbake til starten på første verdskrigen.

Meir historikk >> 

Om bruk av informasjonskapslar (cookies) på konkurransetilsynet.no

Nettstaden www.konkurransetilsynet.no brukar Google Analytics for å skaffe tal-grunnlag for vidareutvikling av nettstaden. Det inneber også bruk av informasjonskapslar. IP-adresser blir anonymisert av Google, og blir dermed ikkje rekna som personopplysning. Dersom du som brukar likevel ikkje ønskjer å gi frå deg IP-adressa, kan du setje opp nettlesaren din slik at den ikkje aksepterer informasjonskapslar.

 

Les meir om informasjonskapslar her >>

Sist endret:

Ansvarlig for denne siden: Administrasjonsdirektør