Konkurransestyresmakter i andre verdensdelar

Samarbeid

Konkurransetilsynet samarbeider med fleire andre offentlege etatar, i internasjonale fora og med organisasjonar.

I Noreg
Norges vassdrags- og energidirektorat, Finanstilsynet (tidlegare Kredittilsynet) og Konkurransetilsynet samarbeider om tilsyn med kraftmarknaden. I tillegg har Konkurransetilsynet tosidige samarbeidsavtaler med NKOM (tidlegare Post- og teletilsynet), Finanstilsynet (tidlegare Kredittilsynet) og Norges vassdrags- og energidirektorat.

Konkurransetilsynet har samarbeidsavtaler med Forbrukerombudet og Forbrukerrådet. Disse tre organisasjonane har også eit felles samarbeidsforum for å gjere samarbeidet mellom dei tre organisasjonane endå betre. Les meir om samarbeidet i rapport frå 2004; Samarbeid mellom Forbrukerrådet, Forbrukerombudet og Konkurransetilsynet.

Nordisk samarbeid
Konkurransetilsynet samarbeider med konkurransestyresmaktene i dei andre nordiske landa. Konkurransestyresmaktene har årlege møte der ein utvekslar erfaringar og drøftar saker av felles interesse. Styresmaktene samarbeider også løpande, mellom anna om informasjonsutveksling.

Danmark, Island og Norge inngjekk i 2001 ein avtale som gir konkurransestyresmaktene betre høve til å samarbeide i konkrete saker. Sverige slutta seg til avtalen i 2003.

Ein ny nordisk avtale blei underteikna i Helsinki 8. september 2017. Den nye avtalen inneber at konkurransestyresmaktene i landa kan hente inn opplysningar og gjennomføre bevissikring på eige territorium på vegner av kvarandre. Den nye avtalen utvidar også det nordiske konkurransesamarbeidet geografisk. Grønland, Færøyane og Finland blir ein del av samarbeidet, i tillegg til Danmark, Island, Noreg og Sverige. Eit styrka og utvida nordisk konkurransesamarbeid vil medverke til meir effektiv handheving av konkurransereglane. 

Avtalen vil tidlegast tre i kraft i første halvdelen av 2018. Den vil då erstatte avtalane om nordisk samarbeid i konkurransesaker av 16. mars 2001 og 9. april 2003.

Nordisk samarbeidsavtale i konkurransesaker (fra 2018) >>  (pdf)



Internasjonalt samarbeid
Konkurransetilsynet er Noregs representant i rådgivande komite for konkurranse- og fusjonssaker, som Europakommisjonen og EFTAs overvakingsorgan skal konsultere før den tek avgjerder i konkrete saker. Konkurransetilsynet deltek også i førebuing av nye rettsreglar om bruk og administrasjon av EØS-konkurransereglar. Tilsynet er til hjelp for EFTAs overvakingsorgan og Europakommisjonen ved sikring av prov i Noreg.

Konkurransetilsynet deltar i OECDs konkurransekomité og i to arbeidsgrupper under komiteen. På møta blir medlemslanda sin aktivitet på konkurranseområdet drøfta, og informasjon og erfaringar blir utveksla. Alle medlemslanda utarbeider årleg ein rapport.

Sjå oversikt over Konkurransetilsynets bidrag til OECD-møte >>

Andre internasjonale oppgåver:

• Konkurransedirektøren er med i nettverket mellom konkurransedirektørane i EØS. Det blir kalla European Competition Authorities (ECA).

• International Competition Network (ICN) er oppretta etter initiativ frå USA og EU. Konkurransetilsynet er medlem av nettverket. Formålet er å auke graden av internasjonalt samarbeid og medverke til harmonisering av regelverk.

ECN Brief
ECN Brief er European Competition Networks elektroniske nyhetsbrev, og Konkurransetilynet vil jamleg bidra med artiklar til denne publikasjonen.
ECN Brief kan lesast og abonnement kan bestillast via Europakommisjonens nettside >>

Sist endret:

Ansvarlig for denne siden: Direktør eksterne relasjoner