Serviceerklæring

Vi legg vekt på å sikre god service til brukarar og publikum gjennom å ha god kvalitet i arbeidet, ved å auke kunnskapen om konkurranselova og tilsynet si handheving av lova. Sakene våre må handterast formelt korrekt. Lover og tidsfristar må overhaldast.

Vi gir utstrekt munnleg rettleiing om konkurranselova, forskrifter, retningslinjer og praksis dersom du har behov for det. Vi gir også skriftleg rettleiing i samsvar med våre retningslinjer om dette. For å auke kunnskapen om konkurranselova føreles tilsette i tilsynet ved høgskular, fagseminar og under andre aktuelle arrangement. På nettsida vår finn du informasjon om konkurranselova og andre relevante lover, forskrifter og retningslinjer. Dette regelverket er enkelt forklart i temaark som du finn på vår nettside. Vi oppdaterer nettsida med aktuelle nyhende, avgjerder og vedtak.

Hovudoppgåver
Vi arbeider for å fremje konkurranse for å bidra til meir effektiv bruk av samfunnets ressursar til beste for forbrukarane og næringslivet. Vi prøver å skape forståing for at sunn konkurranse gir auka velferd. Vi fører tilsyn med konkurransen i dei ulike marknadene ved å:

• Kontrollere at forbod og påbod i lova blir følgde, jf. § 10 og § 11.
• Føreta nødvendige inngrep mot foretakssamanslutningar
• Iverksette tiltak for å oppnå meir gjennomsiktige marknader.
• Handheve konkurransereglar i EØS-avtalen
Påpeike konkurranseregulerande verknader av offentlege tiltak, eventuelt fremje forslag med sikte på å styrke konkurransen.  

Svar og saksbehandlingstider
Når du skriv til oss får du vanlegvis svar i løpet av fire veker. Dersom vi ikkje kan gi deg svar innan denne fristen, vil du likevel få eit førebels svar der vi stadfestar at vi har fått brevet ditt. I brevet får du vanlegvis opplyst kor lang tid det tar før du får svar.

• Saksbehandlingstida i fusjonssaker
Saksbehandlingstida i fusjonssaker følgjer konkurranselova.

• Saksbehandlingstida i saker om § 10 om konkurranseavgrensande samarbeid og § 11 om utilbørleg utnytting av dominerande stilling Saksbehandlingstida i slike saker varierer etter kompleksitet og omfang i saka. I saker om oppmoding om pålegg om opphøyr, vil tilsynet så snart som mogleg vurdere om ein må avslå oppmodinga eller om det kan vere aktuelt å pålegge opphøyr og/eller pålegge lovbrotsgebyr. Saksbehandlingstida i saker der Konkurransetilsynet avslår oppmoding om pålegg om opphøyr er i gjennomsnitt 16 veker.  Dersom det kan vere aktuelt å pålegge opphøyr eller lovbrotsgebyr tek det lengre tid å behandle saka.

• Saksbehandlingstid i internasjonale saker Saksbehandlingstida i saker etter EØS-avtalens artikkel 53 og artikkel 54 tilsvarer saker etter konkurranselova § 10 og § 11. Saksbehandlinga kan ta noko lenger tid då utkast til vedtak må leggjast fram for EFTA sitt overvakingsorgan før tilsynet kan gjere endeleg vedtak.

Sanksjonar og lemping
Konkurransetilsynet kan ilegge lovbrotsgebyr for ei rekke brot på konkurranselova. Visse typar lovbrot er også straffbare. Føretak som hjelper konkurransesstyresmaktene med oppklaring av eige eller andre sitt lovbrot kan på nærare vilkår oppnå reduksjon eller bortfall av lovbrotsgebyr  eller bøter.

Klager
Nærings- og fiskeridepartementet behandlar klager på Konkurransetilsynet sine vedtak og avslag på oppmoding om pålegg om opphøyr. Vedtak om lovbrotsgebyr kan ikkje klagast på, men må eventuelt prøvast for domstolane ved søksmål.

Du kan uttale deg om andre sine kjøp. Alle fusjonar og oppkjøp som blir melde til Konkurransetilsynet, blir kunngjort på tilsynets internettsider. Kundar, konkurrentar og andre kan uttale seg til oss om føretakssamanslutninger.

Offentlegheit og innsyn
Når Konkurransetilsynet behandlar ei sak er som utgangspunkt dokumenta i saka offentlege. Det vil sei at ein kvar kan kreve innsyn i dokumenta. Ein kan normalt ikkje gi innsyn i opplysningar som er underlagt teieplikt, typisk forretningsløyndomar.

I saker som gjeld samarbeid som avgrensar konkurransen, misbruk av dominerande stilling eller brot på meldeplikta og gjennomføringsforbodet ved fusjonar og oppkjøp, er dokumenta ikkje offentlege fram til saka er avslutta, jf. konkurranselova § 26.

www.konkurransetilsynet.no

Vi ønskjer å vere mest mogleg tilgjengeleg for brukarane. På vår nettside kan du:

Finne alle lover og forskrifter vi forvaltar.

Abonnere på nyheiter.

Finne vedtak og avgjerder Konkurransetilsynet har gjort.

Finne oversikt over fusjonar og oppkjøp.

• Sende tips og klager

Sist endret:

Ansvarlig for denne siden: Administrasjonsdirektør