Ulovleg samarbeid

(§ 10 i konkurranselova)

Eksempel på ulovleg samarbeid:

Prissamarbeid der konkurrentar avtalar kva prisar dei skal operere med.

Anbodssamarbeid der konkurrentar koordinerer prisar og vilkår før eit anbod eller tilbod blir lagt inn.

Marknadsdeling der konkurrentar avtalar å dele kundar eller område mellom seg, fastset kvotar eller avtalar produktspesialisering.

Misbruk av dominerande stilling

(§ 11 i konkurranselova)

Verksemder som har ein dominerande posisjon i ein marknad, må ikkje avgrense konkurransen ved å setje vilkår eller opptre på måtar som stengjer konkurrentar ute eller gjer det vanskeleg for nye aktørar å etablere seg.  

Klage på konkurranseskadeleg åtferd

Konkurransetilsynet kan gripe inn mot ulovleg samarbeid eller misbruk av dominerande stilling ved å krevje at den ulovlege åtferda opphøyrer. Eit pålegg om opphøyr kan omfatte eit kvart tiltak som er nødvendig for at den ulovlege åtferda skal ta slutt.

Les meir om kva som skal til for at Konkurransetilsynet kan gripe inn:

temaark om ulovleg samarbeid

temaark om misbruk av dominerande stilling

Dersom du meiner at di verksemd blir utsett for åtferd som kan skade konkurransen, kan du sende ein klage – ein førespurnad om å gi pålegg om opphøyr – til Konkurransetilsynet. Du kan nytte skjemaet nedanfor, eller sende klagen i posten. (adresseinformasjon).

For å kunne ta stilling til førespurnaden, er Konkurransetilsynet avhengig av å få detaljerte opplysningar om relevante fakta. Tilsynet kan også på eige initiativ hente inn ytterlegare informasjon – frå den som klagar, den som blir klaga på eller andre.

Ved klager følgjer ein saksbehandlingsreglane i forvaltningslova og konkurranselova.

Merk
Vi ber om at du tar kontakt med tilsynet på telefon (55 59 75 00) før du eventuelt sender inn skriftleg dokumentasjon.

Klageskjema – anmodning om å gi pålegg om opphør etter konkurranseloven § 12 (bokmål) (nynorsk)

Felter merket med * må fylles ut.
Klager
Innklaga
Klagar sitt forhold til den innklaga
Nærare opplysningar om påstått lovbrot og bevismateriale
Oppgi om det moglege lovbrotet gjeld:
Finst det nokon dokumentasjon (skriftleg eller munnleg) som provar eller underbyggjer at eit ulovleg samarbeid eller misbruk av dominerande stilling har funne stad?
Konkurransetilsynet ber om at alle relevante dokumenter som vedgår eller har direkte samband med innhaldet i klagen, blir sendt til tilsynet.
Opplysningar om marknaden
Ønskt avgjerd frå Konkurransetilsynet
Framlegg om å reise sak til andre konkurransestyresmakter eller domstolar
Er det reist sak ved ein domstol om det forholdet klagen gjeld eller eit nært beslekta forhold?
 
Sist endret: