Ulovleg samarbeid

(§ 10 i konkurranselova)

Eksempel på ulovleg samarbeid:

Prissamarbeid der konkurrentar avtalar kva prisar dei skal operere med.

Anbodssamarbeid der konkurrentar koordinerer prisar og vilkår før eit anbod eller tilbod blir lagt inn.

Marknadsdeling der konkurrentar avtalar å dele kundar eller område mellom seg, fastset kvotar eller avtalar produktspesialisering.

Misbruk av dominerande stilling

(§ 11 i konkurranselova)

Verksemder som har ein dominerande posisjon i ein marknad, må ikkje avgrense konkurransen ved å setje vilkår eller opptre på måtar som stengjer konkurrentar ute eller gjer det vanskeleg for nye aktørar å etablere seg.  

Tips oss om brot på konkurranselova

Konkurransetilsynet ynskjer tips om ulovleg samarbeid eller misbruk av dominerande stilling – både frå personar og frå føretak.

Alle tips blir vurdert. Avhengig av innhaldet kan Konkurransetilsynet sette i verk undersøkingar.

Det blir ikkje gitt svar på tipset, med mindre Konkurransetilsynet vil be om meir informasjon.

Tips kan sendast anonymt eller med namn.

Alle som utfører teneste eller arbeid for Konkurransetilsynet har teieplikt om identiteten til føretak eller person som gir tips om ulovleg samarbeid eller misbruk av dominerande stilling. Teieplikta gjeld også overfor partane i saka og deira representantar.

Ved å oppgi namn og kontaktinformasjon gir du oss sjansen til å kontakte deg for å få ytterlegare opplysningar, om nødvendig.

Bruk skjemaet nedanfor, eller ring vår tipstelefon: 55 59 75 55.

Vi gjer merksam på at aktørar som tek del i eit ulovleg samarbeid (kartell) kan oppnå heilt eller delvis bortfall (lemping) av eit eventuelt gebyr dersom dei sjølve melder frå om forholdet til Konkurransetilsynet. Heil lemping kan berre innvilgast til det foretaket som først legg fram bevis. Slik søkjer du om lemping.

Tipsskjema (nynorsk) (bokmål)

Eg har sett over at opplysningane eg har skrive inn er korrekte.
Sist endret: