Stabile konkurranseforhold i Noreg

Konsentrasjon og lønnsemd har vore stabil dei siste 25 åra i Noreg, i kontrast til kva som har skjedd i USA. Det er godt nytt for norske forbrukarar.

Ein fersk rapport frå Menon Economics, på oppdrag frå Konkurransetilsynet, har kartlagt utviklinga i marknadskonsentrasjon og lønnsemd i norske næringar for perioden 1992 til 2018. Basert på årlege rekneskapstal for alle norske føretak i denne perioden, finn dei ein svak reduksjon i marknadskonsentrasjon og ei stabil utvikling i marginane til norske føretak.

Desse funna står i kontrast til USA, der ein har sett ein markert auke i både marknadskonsentrasjon og marginar til amerikanske føretak over ein lengre periode. Utviklinga i USA har skapt ein stor internasjonal debatt kor mange hevdar dette er bevis på at dominerande bedrifter utøver marknadsmakt på forbrukarane sin kostnad.

Konkurransetilsynet ønskte derfor å kartlegga utviklinga i Noreg. Funna til Menon viser at vi ikkje har amerikanske tilstandar i norske marknader. Forklaringa på utviklinga i marknadskonsentrasjon og marginar er samansette, men aktiv konkurransepolitikk er trekt fram som ein viktig faktor.

Det store bilete er uansett at konkurransen i norske marknader synest jamt over å vera stabilt god. Det er godt nytt for norsk næringsliv og norske forbrukarar. Men det betyr ikkje at konkurransen er friskmeld i alle norske marknader. Ein aktiv konkurransepolitikk er framleis viktig.

Rapporten frå Menon Economics kan du lesa her >> 

Sjeføkonom Kurt Brekke har skrive ein kronikk på bakgrunn av funna i rapporten.

Du kan lese den her >> 

Kronikken er òg publisert i Dagens Næringsliv 29. januar 2020.

Bilde av grafisk fremstilling av markedskonsentrasjon og marginer.

Grafisk fremstilling av markedskonsentrasjon i Norge og Europa.

Portrettbilde av Kurt Brekke i Konkurransetilsynet.
Kurt Brekke, sjeføkonom i Konkurransetilsynet.

Nyhetsvarsel

Ønsker du e-postvarsel om nyheter fra Konkurransetilsynet? Klikk her >>