Arbeidet til tilsynet i bokmarknaden

Konkurransetilsynet er aktivt på mange måtar innanfor bokmarknaden, både gjennom fusjonskontroll, høyringar og etterforskingssaker.

Med bakgrunn i litteraturpolitiske målsetjingar, er det ved forskrift altså gjort eit avgrensa unntak for bokbransjen frå konkurranselova § 10 for samarbeid ved omsetning av bøker. Etter Konkurransetilsynet si oppfatning er likevel eit slik generelt unntak frå konkurranselova lite treffsikkert. I den grad det er naudsynt med kulturpolitiske grep som sikrar mangfald, bør heller målretta tiltak, for eksempel direkte støtteordningar, forsterkast og i endå større grad bli retta inn mot forfattarar og lesarar.

Konkurransetilsynet meiner at forskrifta tillèt ei åtferd som avgrensar konkurransen og som er til skade for lesarane. Unntaksforskrifta er mellom anna til hinder for at bransjen utviklar seg i tråd med etterspørselen og behovet til kundane. Konkurransetilsynet har derfor ved fleire høve tatt til orde for at unntaket i bokbransjen frå konkurranselova bør opphevast. Med den auka digitaliseringa i samfunnet, er det no særleg viktig at også aktørane i bokbransjen står fritt til å utvikle nye produkt og vidareutvikle produkt som e-bøker og tenester innan strøyming av bøker.

Erfaringar frå Danmark og Sverige viser at ei friare prissetting på bøker kan gi lågare prisar, samtidig som mangfaldet blir halde oppe. Det er grunn til å tru at det same kan skje i Noreg dersom unntaksforskrifta blir oppheva.

Sjå mellom anna rapport frå Danmark.

 

Her følgjer eit oversyn over dei siste høyringsutsegna frå Konkurransetilsynet som gjeld bokmarknaden:

Høringsuttalelse – forslag til endringer i forskrift om unntak fra konkurranseloven § 10 for omsetning av bøker 2019

Høringsuttalelse – forslag til endringer i forskrift om unntak fra konkurranseloven § 10 for omsetning av bøker 2016

Høringsuttalelse – Merverdiavgiftsfritak for elektroniske publikasjoner

Konkurransetilsynet var positiv til eit forslag om meirverdiavgiftsfritak for elektroniske tidsskrift og bøker. Tilsynet var oppteke av at rammevilkåra ikkje måtte låse forlaga til eksisterande format og forretningsmodellar. For å unngå potensiell konkurransevridande effekt i disfavør av digital innovasjon, meinte tilsynet at avgiftsfritaket for elektroniske tidsskrift og bøker måtte vere nøytralt både når det gjaldt format, plattformer og distribusjonsteknologi for publikasjonane.

Konkurransetilsynet varsla i mai 2021 stans av Bonnier Book si overtaking av kontroll i Strawberry Publishing. Bonnier Books eigde frå før 50 prosent av aksjane i Cappelen Damm. Den førebelse vurderinga til tilsynet var at oppkjøpet ville redusere konkurransen i marknaden til skade for forbrukarane. Oppkjøpet ville ført til at den allereie sterke stillinga til Cappelen Damm ville bli ytterlegare forsterka. Samtidig vart Strawberry Publishing vurdert som eit forlag med betydeleg konkurransekraft i marknaden, som utfordra dei etablerte forlaga.

Meldinga om oppkjøpet vart trekt utan at Konkurransetilsynet fatta vedtak i saka. Bonnier Books valde seinare å selje eigardelen i Cappelen Damm, slik at Egmont vart eigar av alle aksjane. Deretter overtok Bonnier kontroll i Strawberry Publishing. Utan eigarskapet i Cappelen Damm, var det ikkje grunnlag for å stansa denne transaksjonen.

Pressemelding: Varsler stans av Bonniers Books oppkjøp av Strawberry Publishing (03.05.2021)

Pressemelding: Bonnier Books trekker foretakssammenslutning (26.05.2021)

Tidligere saker

Pressemelding: Fullt medhold i Høyesterett i Forlagssaken (25.05.2021)

Pressemelding: Varsler 502 millioner i gebyr til fem aktører i bokmarkedet (24.09.2020)

Pressemelding: Milliongebyr for ulovlig samarbeid i forlagsbransjen (22.03.2017)

2017: V2017-18 – Cappelen Damm AS/Cappelen Damm Holding AS – Gyldendal Norsk Forlag AS/Gyldendal ASA – H Aschehoug & W Nygaard AS – Vigmostad & Bjørke AS/Schibsted ASA – ileggelse av overtredelsesgebyr – krrl § 29 jf § 10 (22.03.2017)

Pressemelding: Varsler milliongebyr til fire forlag (28.06.2016)

Var dette nyttig?