Dei største forlaga i Noreg: Cappelen Damm, Gyldendal, Aschehoug og Vigmostad & Bjørke.
Dei største distributørane: Forlagssentralen (eigd av Aschehoug og Gyldendal) og Sentraldistribusjon (eigd av Cappelen Damm)
Dei største bokhandelskjedene med både fysiske bokhandlarar og nettbokhandel: Ark og Norli.
Reine nettbokhandlarar: Haugen Bok, Adlibris, Bokkilden, Tanum og Platekompaniet.
Andre bokhandlarar: Fri Bokhandel, som er ei samanslutning av sjølveide bokhandlarar.
Strøymetenester: Fabel (Lydbokforlaget, eigd av Aschehoug og Gyldendal), Storytel (Cappelen Damm eig 50 %) og Ebok.no (Vigmostad & Bjørke).
Figur: Typisk vil eit forlag få manuskriptet frå forfattar, vurdere og omarbeide det for utgiving og sørge for å få det publisert eller offentleggjort. Forlaget får boka trykt og distribuert til forhandlarar som sel det vidare til dei enkelte lesarane. I produksjonen av ei bok kan òg omsetjarar og illustratørar vera involverte. Forfattarar kan òg gi ut bøker på eigenhand (sjølvpublisering).