Unntak frå konkurranselova

Bokbransjen har gjennom ei forskrift fått enkelte unntak frå konkurranselova. Dette inneber eit avgrensa unntak frå forbodet mot avtalar som avgrensar konkurransen. Forskrifta gjeld for skjønnlitteratur, sakprosa, fagbøker for profesjonsmarknaden og lærebøker for høgare utdanning, uavhengig av publiseringsformat.

Les forskrifta her >>

I praksis er det den såkalla Bokavtalen dei fleste forlag og bokhandlarar held seg til når det gjeld omsetning av bøker. Bokavtalen er inngått mellom Forleggerforeningen og Bokhandlerforeningen. Alle medlemmer av desse foreiningane er forplikta til å følgje reglane i Bokavtalen.

Det er likevel forskrifta som definerer omfanget av unntaket frå konkurranselova. Dersom Bokavtalen eller andre avtalar i bokmarknaden omfattar samarbeid som går lenger enn det som følgjer av forskrifta, kan det vere i strid med konkurranselova.

Med heimel i forskrifta har bokbransjen fått unntak for samarbeid om fastpris, samarbeid om fellesnedsetting av pris, samarbeid om litteraturabonnement, samarbeid om skaffe- og leveringsplikt, samarbeid om frakt- og leveringsvilkår, samarbeid om vervekampanjane til bokklubbar, og dessutan samarbeid om standardkontraktar om royaltysatsar og normalkontraktar for omsetjarhonorar.

I det følgjande vil to av desse unntaka, samarbeid om fastpris og samarbeid om fellesnedsetting av pris, bli beskrivne nærare.

Typer unntak

Bokbransjen har gjennom unntaket frå konkurranselova mellom anna lov til å samarbeide om fastpris (bindande videresalspris).

Gjennom eit slikt samarbeid vil salsleddet (bokhandlarane) vere forplikta til å selje bøkene til den prisen som forlaget fastsett. Bokhandlarane kan likevel sette prisen inntil 12,5 prosent lågare for alle bøker med unntak av billigbokutgaver, verk og fagbøker. Frå 1. mai i året etter boka vart gitt ut, er det ikkje lenger tillate med bindande vidaresalsprisar, og bokhandlarane står då fritt til å sette den prisen dei sjølv ønsker.

Det er enkelte misforståingar knytt til kva unntaket for bindande vidaresalsprisar gjeld.

Unntaket gjeld alle bøker i alle format første gang dei blir lanserte. Dette betyr at det ikkje kan avtalast fastpris (bindande vidaresalspris) for nye opptrykk av eldre bøker dersom desse berre har fått ei ny framside eller ubetydelege endringar i innhaldet. Bokhandlarane kan fritt sette utsalsprisen på desse bøkene.

Det kan vidare ikkje samarbeidast om fastprisen forlaga set. Forlaga står fritt til å fastsette prisen og å endre prisen dersom dei ønsker det.

Forlaga kan heller ikkje samarbeide om prisar eller prispunkt i marknaden, eller om innkjøpsprisane til bokhandlarane. Forlaga skal sette fastprisen uavhengig av kvarandre, og avtalane med bokhandlarane skal inngå i forhandlingar mellom det enkelte forlaget og forhandlarar.

Unntaksforskrifta gir bransjen rett til å samarbeide om såkalla fellesnedsetting, det vil seie at bokhandlarane har sal på bøker samtidig. Unntaket for fellesnedsetting gir forlag og bokhandlarar moglegheit til å gjennomføre eit sal med ein felles salsperiode. Eit døme på eit slikt samarbeid er Mammutsalet.

Sidan unntaket berre gjeld ein felles periode for sal kan det ikkje samarbeidast om prisar og prispunkt mellom forlag, mellom bokhandlarar eller mellom forlag og bokhandlarar. Unntaket for fellesnedsetting opnar ikkje for at fleire forlag kan bli samde om kva prisar eller prispunkt som skal nyttast ved ein slik fellesnedsetting. Forlaga kan i samband med slike fellesnedsettingar berre vise rettleiande utsalsprisar for bøkene sine, og kan ikkje bestemme utsalsprisen for bøkene. Den enkelte bokhandlar bestemmer derfor sjølv om dei vil følgja den rettleiande prisen eller ikkje. Ein bokhandlar kan derfor ha prisar som er både lågare og høgare enn konkurrentane.