Konkurransereglar i den digitale økonomien

 

EU har no fleire prosessar der ein vurderer framtidig regulering i digitale marknader. EU har ein proaktiv strategi, og har som mål at digital teknologi skal gje meirverdi til både personar og verksemder. EU har samla informasjon om prioriteringa si på nettsida «A Europe fit for the digital age«.

Eitt av hovudmåla i strategien er ein rettferdig og konkurransedyktig digital økonomi. Strategien vil:

  • leggje til rette‎ for innovative og raskt veksande «start-ups» og små føretak
  • styrkje ansvaret for online plattformer og klargjere reglar for nettbaserte tenester‎
  • ‎syte for at EU-reglane kan tilpassast i den digitale økonomien
  • ‎sikre rettferdig konkurranse for alle verksemder i Europa‎
  • ‎auke tilgangen til data av høg kvalitet samstundes som ein tek omsyn til personvern og informasjonstryggleik

To nye lover er føreslått i denne samanhengen; «Digital Services Act»og «Digital Markets Act».

Dei nye reguleringane gjeld for digitale verksemder og såkalla digitale portvakter.

EU forklarer konsekvensane av «Digital Services Act» og «Digital Markets Act» >> 

Meir om «Digital Services Act» på nettsidene frå EU >>

Meir om «Digital Markets Act» >>

Q&A om Digital Markets Act frå EU-Kommisjonen (desember 2020) >>

 

Konkurransetilsynet sitt ansvar

Konkurransetilsynet deltek aktivt i formelle og uformelle forum gjennom EØS, for å sikre tidleg norsk medverknad i regelverk- og politikkutforming. Tilsynet må kontinuerleg vurdere om handhevingsverktøya ein har i dag er tilstrekkelege i den digitale økonomien. Vi følgjer opp internasjonale prosessar i EU og OECD for å fange opp trendar og grunnlag for vidare utvikling av regelverk. Ei viktig oppgåve for tilsynet er å gje innspel til Nærings- og fiskeridepartementet, slik at det mellom anna blir korrekt innføring av EØS-regelverket i norsk rett.

 

Nordisk rapport

I 2020 publiserte Konkurransetilsynet ein rapport om konkurransespørsmål i digitale marknader saman med andre nordiske konkurransetilsyn. Rapporten bidreg til debatten om handheving av konkurranseregelverk i digitale marknader og reglar for digitale plattformer.
Digital platforms and the potencial changes to competition law at the European level >>

 

ECN

Konkurransetilsynet deltek i arbeidsgrupper i European Competition Network, som har ei eiga arbeidsgruppe om digitale marknader.

Temaside om Digital Markets Act fra ECN >>

Temaside om ICT fra ECN, med lenker til viktige fusjons- og etterforskingssaker i EU >>

Digital Markets Act vert mykje diskutert i alle konkurransemiljø, både myndigheiter, konkurranserettsadvokatar og akademikarar.
Her finn du meir informasjon om utgreiingar og drøftingar >>

 

Tilbake til hovudsida om konkurranse i den digitale økonomien >>