Tips oss om konkurransehemmande reguleringar

 

Konkurranse er ei viktig drivkraft for produktivitet og økonomisk vekst. Sunn konkurranse kjem forbrukarane til gode gjennom lågare prisar, god kvalitet og eit variert produktutval.

På mange område eksisterer det likevel konkurransehemmande reguleringar. Med reguleringar meiner vi lover og forskrifter (nasjonale eller lokale) som påverkar rammevilkåra for norsk næringsliv.

Reguleringar som hemmar konkurransen kan for eksempel redusere talet på aktørar, moglegheitene deira eller motivasjonen deira til å konkurrere.

Sjå denne illustrasjonen for hjelp i vurderinga av om reguleringane kan vere konkurransebegrensande >> (pdf)

Å påpeike “konkurranseregulerende virkninger av offentlige tiltak” er ei av Konkurransetilsynet sine kjerneoppgåver, jf konkurranselovens §9e.

Med “offentlege tiltak” meiner ein ulike former for lover og reguleringar som utgjer rammevilkåra i føretaka.

For at Konkurransetilsynet skal kunna gjera denne jobben godt, er det viktig at vi blir kjente med reguleringar og andre offentlege tiltak som kan avgrensa konkurransen.

Dersom du kjenner til ordningar som Konkurransetilsynet bør vurdera, kan du tipsa oss her.

Portrettbilde av Kjell Sunnevåg som er direktør for eksterne relasjoner i Konkurransetilsynet.
Kontaktinformasjon:

Kjell Sunnevåg
Direktør for eksterne relasjonar i Konkurransetilsynet
Telefon: 900 48 548