Bevissikring i dagligvarebransjen

Konkurransetilsynet stadfestar at det vert gjennomført ein uanmeldt kontroll hos fleire aktørar i dagligvarebransjen.

Konkurransetilsynet går ut med denne informasjonen no, etter at selskapa sjølv har stadfesta kontrollen.

Bevissikringa vert gjort i marknaden for sal av dagligvarer gjennom dagligvarebutikkar i Noreg. Bakgrunnen for den uanmeldte kontrollen er at Konkurransetilsynet undersøkjer eit mogleg brot på konkurranseloven § 10 .

– Føremålet med den uanmeldte kontrollen er å stadfesta eller avkrefta mistanke om ulovleg samarbeid i form av utveksling av strategisk informasjon mellom kjedene i dagligvaremarknaden, seier avdelingsdirektør Magnus Gabrielsen.

Kontrollen vart i forkant godkjent av tingretten og Konkurransetilsynet beslaglegg relevant material.

– Når bevissikringa er ferdig vil Konkurransetilsynet gjennomgå og analysere beslag frå kontrollen, seier Gabrielsen.
Konkurransetilsynet har ikkje høve til å gå meir konkret inn i denne aktuelle saka, men pressetelefonen til tilsynet er betent dersom det er behov for generell prosessinformasjon.

Avdelingsdirektør Magnus Gabrielsen.

Kontaktinformasjon:

Magnus Gabrielsen,
direktør for avdeling for mat, handel og helse

Pressebilete >>

 

Pressetelefon:

47 66 77 77