Konkurransetilsynet si personvernerklæring for eksterne

Behandling av personopplysningar i Konkurransetilsynet.

Når du brukar nettsida vår og/eller er i kontakt med oss, vil Konkurransetilsynet behandle personopplysningar om deg. Nedanfor finn du derfor informasjon om kva for personopplysningar som blir samla inn, kvifor vi gjer dette, og dine rettar i samband med behandlinga av personopplysningane.

Den ansvarlege for behandlinga av personopplysningane er Konkurransetilsynet ved Lars Sørgard.  Kontaktinformasjonen til Konkurransetilsynet er:

Adresse: Postboks 439 Sentrum

E-post: post@kt.no

Telefon: 55 59 75 00

Organisasjonsnr.: 974 761 246

For spørsmål om behandlinga av dine personopplysningar kan du kontakte personvernombod i Konkurransetilsynet Lorna Fredriksen på epost-adresse lofr@kt.no eller på telefonnr. 55 59 76 48.

 

1. Kva for personopplysningar blir samla inn, og kva er formålet

Vi samlar inn og nyttar dine personopplysningar til ulike formål, avhengig av kven du er og korleis vi kjem i kontakt med deg. Vi samlar inn følgjande personopplysningar til formål som er lista opp her:

 

A. Personopplysningar via www.konkurransetilsynet.no


Tenester på konkurransetilsynet.no:

Tips oss om brot på konkurranselova: Du kan tipse om brot på konkurranselova via skjema, telefon eller e-post. Det er valfritt å oppgi personopplysningar. Tips vil bli vurderte av saksbehandlar.  Konkurransetilsynet har teieplikt om identiteten til den som tipsar om brot på konkurranselova §10 og §11.

Tips oss om fusjonar og oppkjøp: Du kan tipse om fusjonar og oppkjøp som kan vere konkurranseskadelege. Det er valfritt å oppgi personopplysningar. Tips vil bli vurderte av saksbehandlar.

Send klage: Du kan sende ein klage på konkurranseskadeleg åtferd via skjema, telefon eller e-post.

Kontakt oss: Du kan kontakte Konkurransetilsynet via skjema på nettside, telefon eller på e-post. I skjemaet kan du registrere namn og epost eller telefonnummer. Skjema blir fordelte til avdeling/saksbehandlar som behandlar og svarer på din førespurnad. Informasjon som er sendt inn via skjema blir ikkje lagra i publiseringssystemet for konkurransetilsynet.no.

Påmelding til kurs: Når du melder deg på kurs, blir informasjon lagra til bruk for kursadministrasjon og for å ta inn kursavgift.

Nettstatistikk: Konkurransetilsynet nyttar Google Analytics til å generere statistikk om tal besøk på kt.no. Opplysningane blir behandla i avidentifisert og aggregert form. Avidentifiserte opplysninger kan ikkje sporast til kvar einskild brukar. Formålet er å utarbeide statistikk som Konkurransetilsynet nyttar til å betre og vidareutvikle nettstaden. Eksempel på kva statistikken gir svar på, er kor mange som besøkjer ulike sider, kor lenge besøket varer, og kva for nettlesar brukarane nyttar.

KT driftar eigne nettsider, og trafikk blir logga av driftsomsyn for å hindre uønska trafikk og motverke dataangrep.

 

B. Nyheitsvarsel

Vi nyttar Outlook for utsending av nyheitsvarsel til journalistar, advokatar og andre som ber om å få slike varsel frå Konkurransetilsynet.

 

C. Sosiale medium

Konkurransetilsynet har kontoar på Facebook, Twitter, Instagram, LinkedIn og YouTube. Konkurransetilsynet nyttar sosiale medium til informasjons- og påverknadsarbeid om Konkurransetilsynet sitt viktige samfunnsoppdrag. I kanalane formidlar vi aktuelle saker om Konkurransetilsynet si verksemd og arbeid, faglege oppdateringar, ledige stillingar og arrangement.

Konkurransetilsynet viser til dei respektive tenestene sin personvernpolicy.

 

D. Spørjeundersøkingar

Avdelingsdirektør for den aktuelle fagavdelinga har det daglege ansvaret for Konkurransetilsynet sine spørjeundersøkingar. Konkurransetilsynet nyttar Respons analyse til å gjennomføre undersøkingane, og har inngått databehandlaravtale i samband med det. Vi vil alltid informere om formålet med spørjeundersøkinga, og om den er anonym eller ikkje. Konkurransetilsynet vil ikkje dele personopplysningane med andre eller bruke opplysningane til andre formål enn det som er oppgitt.

Anonyme undersøkingar
Dersom undersøkinga er anonym, vil ikkje Konkurransetilsynet eller Respons analyse samle inn nokon informasjon som kan koplast til deg.

Ikkje-anonyme undersøkingar
Dersom undersøkinga ikkje er anonym, kan Konkurransetilsynet identifisere dei som har svart på undersøkinga. Vi kan også nytte Respons Analyse til å sende ut undersøkinga, e-postadressa di vil i så fall bli delt med Sendgrid. 

 

E. Besøkssystem

Når du besøkjer Konkurransetilsynet, må du registrere deg inn i felles resepsjon i Zander Kaaesgt via besøkssystemet Visitor levert av Visitor Systems AS. Her registrerer du namnet ditt og personen du skal besøke, og eventuelt mobilnummeret ditt dersom du ønskjer at systemet skal “hugse” deg ved neste besøk. Informasjonen du registrerer blir lagra i 1 år før den blir sletta.

 

F. Kameraovervaking

Det er montert kamera på utsida av bygget i Zander Kaaesgt. 7. KLP som eig bygget, lagrar bilete frå kameraa etter avtale med datatilsynet. Bilete kan nyttast i samband med innbrot, og blir automatisk sletta etter 8 dagar.

 

G. Rekruttering og tilsettingar

Når du søker på ei stilling på vår heimeside www.konkurransetilsynet.no skjer dette via rekrutteringssystemet EasyCruit. Dette er eit eksternt system i ei skyløysing frå leverandøren Visma. For å søke på ei stilling må du lage ein profil med påloggingsinformasjon (brukarnamn og passord). Alle personopplysningar du registrerer og dokument du lastar opp, blir lagra i dette systemet gjennom rekrutteringsprosessen og inntil eitt år før dei blir sletta, dersom du ikkje har gitt samtykke til at du ønskjer at vi beheld dette lenger.

Ved krav om innsyn blir personopplysningar levert ut i samsvar med offentleglova og forvaltningsloven.

 

H. Kryptert epost

Vi gjer merksam på at vanleg e-post er ukryptert. Alle føretak og privatpersonar har høve til å utveksle kryptert e-post med Konkurransetilsynet. Konkurransetilsynet sender kryptert post via Altinn til verksemder, eller via CISCO Ironport til verksemder og privatpersonar. Private verksemder og privatpersonar som ønskjer å sende kryptert epost til Konkurransetilsynet kan kontakte post@kt.no på førehand for å avtale sendemåte.

 

2. Utlevering av personopplysningar til andre

Konkurransetilsynet deler personopplysningar med underleverandørar slik det er omtala i punkta A-H, men elles ikkje.

 

3. Saksbehandling og arkiv

Konkurransetilsynet nyttar Public 360o arkiv- og saksbehandlingssystem med elektronisk journalføring og elektronisk lagring av dokument. Public 360o er levert av Tieto AS, og følgjer offentleg standard (NOARK). Arkivleiar har fått delegert det daglege forvaltaransvaret for system og arkiv.  Dei respektive avdelingsdirektørane har ansvar for at den faktiske saksbehandlinga er i samsvar med regelverket.

Konkurransetilsynet behandlar personopplysningar for å oppfylle tilsynet sine lovpålagde oppgåver etter m.a. personopplysningsloven, forvaltningsloven, offentleglova, konkurranseloven og arkivlova.

Ulike typar personopplysningar blir registrerte i arkiv- og saksbehandlingssystemet. Dette er opplysningar som namn, adresse, telefonnummer, epostadresse og annan relevant informasjon som går fram av førespurnaden. Registrering, lagring og oppbevaring skjer i samsvar med arkivlovgivinga. Saksdokument kan innehalde sensitive personopplysningar. Som ein del av den pålagde saksbehandlinga innhentar Konkurransetilsynet opplysningar i medhald av lovheimel (konkurranselova § 24).

Krav om innsyn som kjem inn på personopplysningar, blir behandla og svara på i samsvar med offentleglova, forvaltningsloven, konkurranseloven og personopplysningsloven. Opplysningar som er nødvendige for behandling av klagesaker (klage på vedtak), vil bli overleverte til Konkurranseklagenemnda som er klageorgan for Konkurransetilsynet.

Det er etablert særlege tryggingstiltak og rutinar for skjermingsverdig informasjon i arkivet, som for eksempel personopplysningar.

Konkurransetilsynet er pålagt å gjere den offentlege postjournalen tilgjengeleg på internett. Journalen er eit register over alle inngåande og utgåande saksdokument, og blir gjort tilgengeleg i eInnsyn, ein felles database for statlege etatar. Samordning av offentlege postjournalar er ei teneste på internett som er tilgjengeleg for alle.

I offentlegforskrifta § 7, jf § 6 fjerde ledd, er det spesifisert opplysningar som ikkje skal gå fram av offentlig journal. Personnamn skal ikkje kunne søkjast når innføringa er eldre enn eitt år.

 

4. Dine rettar når vi behandlar personopplysningar om deg

Du har rett til å krevje innsyn, retting eller sletting av personopplysningane vi behandlar om deg. Du har og rett til å krevje avgrensa behandling og kome med innvendingar mot behandlinga. Du kan lese meir om denne retten på Datatilsynet si nettside:  www.datatilsynet.no.

Har du spørsmål eller ønskjer å nytte dine rettar som registrert, kan du ta kontakt med personvernombod Lorna Fredriksen i Konkurransetilsynet, lofr@kt.no.

For å ta i bruk rettane dine må du sende førespurnad til post@kt.no. Førespurnaden må spesifisere kva for opplysningar og/eller type behandling som blir etterspurd, heimel for retten, og kontaktinformasjonen din. Vi vil svare på førespurnaden din så raskt som mogleg, og seinast innan 30 dagar.

Vi vil be deg om å bekrefte identiteten din eller å oppgi ytterlegare informasjon før vi lar deg ta i bruk dine rettar overfor oss. Dette gjer vi for å vere sikker på at vi berre gir tilgang til personopplysningane dine til deg – og ikkje nokon som gir seg ut for å vere deg.

Konkurransetilsynet behandlar personopplysningar med heimel i relevante lover eller basert på samtykke. Du kan trekkje tilbake samtykket ditt for behandling av personopplysningar hos oss.

 

5. Klager

Dersom du mener at vår behandling av personopplysningar ikkje stemmer med det vi har omtala her eller på andre måtar bryt personvernlovgivinga, kan du klage til Datatilsynet.

Du finn informasjon om korleis du kan kontakte Datatilsynet på Datatilsynets nettside: www.datatilsynet.no.

 

6. Endringar

Endring av våre tenester eller i regelverket om behandling av personopplysningar kan medføre forandring i informasjonen som er gitt her. Personvernerklæringa blir oppdatert fortløpande.