Om Konkurransetilsynet

I Konkurransetilsynet jobbar vi for å sikre vel fungerande marknader til det beste for forbrukaren og samfunnet.

 

Vårt samfunnsoppdrag

Vårt samfunnsoppdrag er å bidra til effektiv ressursbruk ved å fremje konkurranse, til fordel for forbrukarane og næringslivet i ulike marknader i Noreg. Hovudmålet er at aktørar som opererer i  norske marknader, etterlever konkurransereglane fordi konkurranse er eit virkemiddel for å oppnå vel fungerande marknader.

 

Handheving

Vår jobb er å handheve konkurranselova. Gjennom lova er det tre hovudområde som Konkurransetilsynet jobbar med; ulovleg samarbeid (§10), misbruk av dominerande stilling (§11) og fusjonskontroll (§16). Manglande handheving av dei tre hovudområda kan føre til svekka konkurranse til ulempe for forbrukaren og samfunnet i form av høgare prisar, dårlegare tilbod, dårlegare kvalitet og lågare innovasjonstakt.

Gjennom rettleiing og dialog med næringslivet, effektiv handheving av konkurranselova, vedtak om overtredelsesgebyr og gjennom god informasjonsverksemd, vil vi førebyggje og stanse ulovleg konkurransehemmande aktivitet.

Våre vurderingar og vedtak skal halde eit høgt fagleg internasjonalt nivå, og vi skal møte partane med profesjonalitet og respekt.

Les heile strategiplanen for Konkurransetilsynet 2017-2021 >>

 

Prioriteringar i 2020

I tildelingsbrevet for 2020 ber Nærings- og Fiskeridepartementet tilsynet om å prioritera konkurransen i den digitale økonomien, og dessutan dagligvaremarknaden. I tillegg prioriterer Konkurransetilsynet drivstoffmarknaden, som er eit anna viktig marknad for forbrukarar. Kartellavdekking, som er aktuelt i alle marknader, har høg prioritet òg i 2020. Meldingar om oppkjøp, tips, lempingssøknader, regelendringar, klagar på vedtak og pågåande etterforskingssaker har òg tyding for prioriteringar. I tillegg vil vi framleis vera ein pådrivar for sunn konkurranse i ei rekke næringar. Lista skal dermed ikkje vurderast som uttømmande.

Konkurransetilsynet skal legga til rette for at digitalisering bidrar til auka konkurranse og effektiv ressursbruk til fordel for forbrukarar og næringsliv. Det gjeld både digitale marknader og endringar i andre marknader. Tilsynet bruker òg moglegheitene som digitalisering gir til å effektivisera arbeidsmetodar.

Ved målretta informasjonstiltak vil tilsynet få inn fleire gode tips om konkurransekriminalitet. Tilsynet vil gjennom satsinga på digitalisering bruka nye kjelder og metodar til dataanalyse for avdekking av kartell. Personstraff skal vera ein reell trussel for personar som har vore aktive i ulovleg åtferd.

Innsatsen mot dagligvaremarknaden er styrkt med auka ressursrammer i 2019 og 2020. Vi etterforskar fleire moglege brot av konkurranselova, og intensiverer oppfølging av tips og klager. Auka kapasitet blir òg brukt til utgreiingar av konkurranseproblem og vurdering av alternative tiltak.

Tilsynet etterforskar moglege konkurranseavgrensande, ulovlege forhold i marknaden. Vi vurderer kontinuerleg tiltak basert på analyse av mellom anna data som aktørar er pålagt å melda inn. Forbrukarar skal få riktig informasjon for å ta vare på konkurransen.

Uavhengig myndigheit

Konkurransetilsynet er eit sjølvstendig myndigheitsorgan som arbeidar med grunnlag i lover og vedtak frå Stortinget, Regjeringa og Nærings-og fiskeridepartementet. Konkurransetilsynet deltek òg i eit omfattande internasjonalt samarbeid. Gjennom EØS-avtalen blir konkurranseregelverket til EU gjennomført i norsk rett.

 

Nærings- og fiskeridepartementet

Nærings- og fiskeridepartementet legg rammene for Konkurransetilsynet sitt arbeid.

Tildelingsbrev Konkurransetilsynet 2020 >> (pdf)

 

Klager

Konkurranseklagenemnda er klageorgan for Konkurransetilsynet sine vedtak.

Klager stiles til Konkurranseklagenemnda (KNS), men sendes til Konkurransetilsynet.

Gå til KNS si nettside >>

 

Leiing

Konkurransetilsynet er leia av konkurransedirektør Lars Sørgard. Direktøren blir utnemnd av Kongen i statsråd for seks år av gangen.

Konkurransetilsynet har ca. 100 tilsette og held til i Bergen.

 

Etablert 1994

Konkurransetilsynet blei etablert 1. januar 1994, samtidig med at konkurranselova og pristiltakslova tredde i kraft. Pris- og konkurransestyresmaktene si historie strekkjer seg likevel heilt tilbake til starten på første verdskrigen.

Meir historikk >>

 

Tips oss

Du kan vende deg til oss med spørsmål om ulovleg samarbeid, misbruk av dominerande stilling eller i saker om fusjon, oppkjøp og oppretting av felles eid selskap. Kvart år får vi inn vel 200 tips om overtredelser brot på konkurranselova. Sei ifrå til oss >> 

Ikon for
Zander Kaaes gate 7, Bergen.

Kontakt Konkurransetilsynet:

Konkurransetilsynet
Postboks 439 Sentrum
5805 Bergen

Telefon: 55 59 75 00

Besøksadresse:
Zander Kaaes gate 7
5015 Bergen