Fortsett opplysingsplikt til aktørar i konsentrerte marknader

Konkurransetilsynet vidarefører krav om opplysingsplikt for enkelte aktørar i marknadene for drivstoff, kraft, avfall, avis, vaskeri og hagesenter. I tillegg blir ein ytterlegare aktør i kraftmarknaden pålagd opplysingsplikt frå 1. januar 2023.

Opplysingsplikta gjer at aktørane må gje opplysningar om alle føretakssamanslutningar, også dei som er under dei ordinære terskelverdiane for meldeplikt. For fleire av aktørane blir opplysingsplikta også utvida til å omfatte minoritetserverv. Opplysingsplikta gjeld i to år framover, altså til utgangen av 2024.

Opplysingsplikta er fornya og vidareført for følgande marknader og selskap:

  • Drivstoff (Uno-X Mobility AS, St1 Norge AS, Certas Energy Norway AS og Circle K Norge AS)
  • Kraft (Statkraft AS, Eviny AS, Skagerak Energi AS og Agder Energi AS/Å Energi AS, samt Hafslund Eco Vannkraft AS som påleggast opplysingsplikt for første gong)
  • Avfall (Norsk Gjenvinning Norge AS)
  • Avis (Amedia AS, Polaris Media ASA og Schibsted ASA)
  • Vaskeri (Nor Tekstil AS)
  • Hagesenter (Plantasjen Norge AS)

Opplysingsplikta gjer at Konkurransetilsynet blir merksam på oppkjøp under terskelverdiane som desse aktørane gjennomfører. Tilsynet kan gripe inn mot oppkjøp som er under terskelverdiane dersom dei forverrar konkurransesituasjonen til skade for forbrukarane.

Konkurransetilsynet vurderer jamleg om det er naudsynt å innføre opplysingsplikt for fleire aktørar.

40193