Svar på høyring til utgreiing om konkurranse på like vilkår

– Statsstøtteregelverket som har til føremål å sikra like konkurransevilkår er ikkje nødvendigvis forenleg med konkurranseregelverket som skal sikra samfunnsøkonomisk effektivitet, seier sjeføkonom Kurt Brekke i Konkurransetilsynet.

Konkurransetilsynet har denne veka sendt høyringssvar til Nærings- og fiskeridepartementet om korleis ein kan sikra like konkurransevilkår mellom offentlege og private aktørar med utgangspunkt i EUs regelverk om statsstøtte. I høyringssvaret trekkjer tilsynet fram fleire utfordringar knytt til å innføra eit regelverk med nasjonal handheving av statsstøtte.

– Vi meiner at ei eventuell innføring av det foreslåtte regelverket vil kunna leggja restriksjonar på offentleg verksemd som kan vera konkurranseskadelig, seier sjeføkonom Kurt Brekke.

– Det skuldast særleg at statsstøtteregelverket, og praktisering av dette, ofte avgrensar det offentlege sitt høve til å utnytta stordrifts- og samdriftsfordeler. Det gjeld særleg ved krav om organisatorisk skilje, men òg ved at ein pålegg offentleg verksemd å prisa inn faste kostnader når dei tilbyr tenester i konkurranse med private aktørar.

– Resultatet av ein slik praksis kan vera svekka konkurranse og høgare prisar til forbrukarane, noko som er i konflikt med konkurranselovens føremål. Dette er òg grunnen til at Konkurransetilsynet er skeptisk til at ei eventuell handheving av regelverket vert lagt til oss.

Portrettbilde av Kurt Brekke i Konkurransetilsynet.
Sjeføkonom Kurt Brekke i Konkurransetilsynet.