20 millionar i gebyr til Norgesgruppen for ikkje å ha opplyst om kjøp av butikklokale

Konkurransetilsynet har i dag gitt Norgesgruppen eit gebyr på 20 millionar kroner for brot på opplysningsplikta i samband med kjøp av eit butikklokale.

Norgesgruppen kjøpte 16. januar 2018 eit butikklokale i Sædalssvingene 3 i Bergen. Den gongen og no driv Coop daglegvarebutikk i lokalet. Ifølgje opplysningsplikta skulle Norgesgruppen ha informert tilsynet om kjøpet seinast tre dagar etter at avtalen blei gjort. Tilsynet blei først gjort kjend med kjøpet 17. april 2018.

– Tilsynet ser alvorleg på at opplysningsplikta ikkje er overhalde. Plikta til å gje opplysningar om oppkjøp er ein viktig del av Konkurransetilsynet si overvaking av daglegvaremarknaden. Det gjer oss oppmerksame på oppkjøp, og gjer at vi då kan ha moglegheit til å gripe inn viss det er konkurranseskadelig, seier fungerande avdelingsleiar ved avdeling for mat, handel og helse, Beate Berrefjord.

Etter konkurranselova kan eit føretak få gebyr dersom det ikkje overheld plikta til å gje Konkurransetilsynet dei opplysningane tilsynet treng for å kunne utføre oppgåvene sine etter lova.

Regelbrot
Alle daglegvarekjeder i Noreg er pålagd ei opplysningsplikt for oppkjøp i verdikjeda for daglegvarer. Årsaka til at kjedene er pålagd ein slik plikt er at også til dømes oppkjøp og fusjonar som ikkje er pålagt å melde fordi dei er små, kan føre til konkurranseskade lokalt eller nasjonalt. Plikta vert sett på som lite byrdefull. Føretaka treng som eit minimum berre å opplyse om kven oppkjøpet gjeld og tidspunktet for gjennomføringa.

– At daglegvarekjedene overheld plikta er viktig for at Konkurransetilsynet skal kunne fange opp strukturendringar i daglegvaremarknaden. Når opplysningane kjem så seint som i denne saka har tilsynet mista høvet til å gripe inn. Dette kan i verste fall føre til at tilsynet blir hindra i å gripe inn mot konkurranseskadelege oppkjøp, seier konkurransedirektør Lars Sørgard.

Konkurransetilsynet har dei seinare åra observert auka konsentrasjon på fleire ledd i verdikjeda i det norske daglegvaremarknaden. Dette er bakgrunnen for opplysningsplikta, og omfattar alle oppkjøp i daglegvaremarknaden. Oppkjøp av daglegvarebutikkar blir omfatta av opplysningsplikta, sjølv om oppkjøparen ikkje overtar drifta av sjølve butikklokalet.

For meir informasjon ring pressetelefonen: 47 66 77 77

Opplysningsplikt for fusjonar og oppkjøp i særskilde marknader:

  • Konkurransetilsynet kan påleggje aktørar opplysningsplikt ved fusjonar og oppkjøp i marknader der konkurransen er svak og/eller marknaden er konsentrert.
  • Opplysningsplikta er hjemla i konkurranselovens § 24.
  • Opplysningsplikta gjer Konkurransetilsynet merksam på oppkjøp som er under terskelverdiane som gir meldeplikt ved fusjonar og oppkjøp.
  • Konkurransetilsynet har høve til å gripe inn i oppkjøp som ligg under terskelverdiane.
  • Bakgrunnen for opplysningsplikta er at i enkelte marknader kan også oppkjøp av mindre aktørar påverke konkurransesituasjonen negativt og føre til høgare priser og dårligare tilbod til forbrukerane.
  • Konkurransetilsynet har pålagt opplysningsplikt i marknader der graden av lokal konkurranse er særleg viktig.
  • Konkurransetilsynet har pålagt opplysningsplikt i fleire marknader:
    • Drivstoff (Uno-X Energi AS, St1 Norge AS, Certas Energy Norway AS og Circle K Norge AS)
    • Kraft (Statkraft AS, BKK AS, Skagerak Energi AS og Agder Energi AS)
    • Avfall (Norsk Gjenvinning Norge AS)
    • Dagligvare (Norgesgruppen ASA, Coop Norge SA, Rema 1000 og Bunnpris IK Lykke AS)
    • Låsesmeder (AssaAbloy Norge AS)
    • Aviser (Amedia, Polaris og Schibsted)
    • Bredbånd (Telenor)
    • Hagesenter (Plantasjen Norge ASA)
    • Vaskeri (Nor Tekstil AS)
    • Betong (Unicon AS, Heidelberg Cement Norway AS og Nordic Concrete Group AS)
    • Alarm (Sector Alarm Group AS og Verisure AS)
    • Regnskapssystemer (Visma AS)
  • Konkurransetilsynet vurderar løpande om det er naudsynt å innføre opplysningsplikt for fleire aktørar.
Portrettbilde av Lars Sørgard som er konkurransedirektør.
Konkurransedirektør Lars Sørgard.

Kontaktinformasjon

Pressetelefon: 47 66 77 77

Lars Sørgard, konkurransedirektør
Pressebilder >>

Beate Berrefjord, nestleder ved avdeling for mat, handel og helse.
Pressebilder >>

 

Dokumenter

Vedtak 2020-25 >>

 


Ønsker du e-postvarsel om nyheter fra Konkurransetilsynet? Klikk her >>