Konkurranse i den digitale økonomien

Digitalisering bidreg til omfattande teknologisk utvikling og innovasjon. Tradisjonelle marknadsstrukturar blir utfordra, noko som kan bidra til meir konkurranse. Samtidig kan digitalisering resultere i marknadsdominans og auke faren for ulovleg prissamarbeid. Konkurransetilsynet skal legge til rette for at digitalisering bidreg til auka konkurranse, mellom anna for å sikre effektiv bruk av ressursane i samfunnet til fordel for forbrukarar og næringsliv. Dette omfattar både digitale marknader og andre marknader.

I samsvar med strategiske planar og tildelingsbrev frå Nærings- og fiskeridepartementet (NFD), prioriterer Konkurransetilsynet konkurranse i den digitale økonomien. Tilsynet har utforma ein digitaliseringsstrategi og sett av ekstra ressursar. I tillegg er det gjennomført fleire prosjekt for å undersøke konkurransesituasjonen i digitale marknader. Konkurranse og digitalisering er mykje debattert internasjonalt. Tilsynet følger opp internasjonalt arbeid i EU og OECD for å fange opp trendar, og for å vurdere grunnlag for vidare utvikling av regelverk.

Ikon for

Du kan lese meir om arbeidet med konkurranse i den digitale økonomien i temaboksane under.

Nyheiter

Var dette nyttig?