Det kan vere fare for at konkurransen i den norske marknaden for luftfart blir svekka om Norwegian får kjøpe Widerøe. Konkurransetilsynet må derfor gjere ytterlegare analysar av oppkjøpet.
I starten av juli kunngjorde Norwegian at dei ønsker å kjøpe Widerøe. Konkurransetilsynet har henta inn og analysert detaljert informasjon frå selskapa og andre aktørar i marknaden. Tilsynet sin første frist for å kome med sine førebelse vurderingar av oppkjøpet er i dag, 15. september.
Tilsynet si førebelse vurdering er at konkurransen i marknaden for luftfart kan bli svekka. Om konkurransen blir redusert på ein måte som fører til høgare prisar og dårlegare tilbod for norske flypassasjerar, har Konkurransetilsynet moglegheit til å stoppe oppkjøpet.
– Marknaden for luftfart er ein stor og viktig marknad for norske forbrukarar. Velfungerande konkurranse er avgjerande for at norske flypassasjerar skal ha eit best mogleg tilbod til lavast mogleg pris. Det er naudsynt med ytterlegare analysar av korleis Norwegian sitt kjøp av Widerøe vil påverke konkurransen i marknaden, seier avdelingsdirektør Gjermund Nese.
Som følgje av tidsfristar i konkurranselova må Konkurransetilsynet komme med en ny vurdering innan 17. november. Då må tilsynet enten godkjenne oppkjøpet eller varsle selskapa om at det kan vere aktuelt å stanse det.
– Vår førebelse vurdering er at det kan vere grunn til å frykte at oppkjøpet er negativt for norske flypassasjerar. I tida framover vil Konkurransetilsynet jobbe vidare med desse vurderingane for å finne ut om det er aktuelt å stoppe oppkjøpet, seier prosjektleiar Katrine Amdam.
Konkurransetilsynet si saksbehandling
Pressetelefon: 47 66 77 77