Konkurransedirektør Tina Søreide har formelt blitt medlem av byrået til Konkurransekomiteen ved Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD). Ho er beden om å bli med i byrået grunna hennar ekspertise innan konkurransepolitikk og engasjement for å bidra til globale økonomiske diskusjonar.
Byrået er eit styringsorgan for OECD sin konkurransekomité. Medlemmene i byrået blir valde blant konkurransemyndigheitene som er representerte i komiteen. Oppgåva er å gje innspel til dei temaa som skal diskuterast på Konkurransekomiteen sine møter, og til det overordna arbeidet til Konkurransekomiteen.
Kvar representant er medlem i 2-3 år.
– Eg er takksam for å bli inkludert i Byrået. Det gjev oss betre moglegheit til å påverke viktige prosessar for å få til meir effektiv konkurransekontroll internasjonalt, seier Tina Søreide.
OECD har vore ein viktig pådrivar for å utvikle regelverk, og utveksling av beste praksis på ei rekke område sidan 60-talet, mellom anna når det gjeld konkurranse.
Konkurransekomiteen diskuterer aktuelle konkurransepolitiske tema som er relevante for handhevinga. Diskusjonane er basert på innspel frå ekspertar og representantar frå konkurransemyndigheiter verda over. Arbeidet resulterer i konkrete tilrådingar til medlemslanda, i tillegg til retningslinjer og ulike verktøy som kan nyttast i handhevinga. Konkurransekomiteen gjennomfører også vurderingar av om land som ønskjer å bli medlem av OECD tilfredsstiller kriteria på konkurranseområdet. Dette gjer OECD til ein viktig pådrivar for gode regelverk.