A2007-24 – Nettbuss Lillestrøm AS – Veolia Transport Sør – avslag på oppmoding om å gripe inn

Bestemmelse ikon Bestemmelse: §11 Misbruk av dominans;§12 Pålegg om opphør

Dokumentdato ikon Dokumentdato: 04.06.2007

Veolia Transport Sør, avd. Trysilbussen (tidlegare Nordtrafikk Buss AS, avd. Trysil) har oppmoda Konkurransetilsynet om å vurdere om Nettbuss Lillestrøm AS har gjort seg skuldig i konkurranseskadeleg underprising på strekninga Elverum-Oslo.

Konkurransetilsynet har ikkje, gjennom informasjonsinnhentinga og gjennomgangen av Nettbuss sine ruterekneskap for 2004, 2005 og 2006 for den aktuelle strekninga, funne det sannsynleg at føretaket har gjort seg skuldig i konkurranseskadeleg underprising etter konkurranselova § 11.