96 prosent av fusjonar klarert innan 25 dagar

Konkurransetilsynet fekk 113 fusjonsmeldingar i 2023. Dette er ein nedgang frå rekordåret året før, men samstundes merker tilsynet ein auka konsentrasjon innan enkelte marknader som til dømes bank.

Av innmeldte meldingar vart 108 godkjent innan 25 dagar. Det betyr at 96 prosent av alle meldingar blir klarert innan den lovpålagte fristen på 25 dagar. Berre fire prosent av dei meldte føretakssamanslutningane var det behov for å sjå nærare på. Dette kjem fram i Konkurransetilsynet si årsmelding for 2023.

– Dette viser at Konkurransetilsynet har ein effektiv fusjonskontroll. Samstundes er det viktig at vi bruker tid og ressursar på å sjå på dei føretakssamanslutningane som kan føre til betydeleg dårlegare konkurranse, seier konkurransedirektør Tina Søreide.

Auka bankkonsolidering
I løpet av fjoråret vart det kjent at ei rekke bankar ønsker å slå seg saman. Nordeas oppkjøp av Danske Bank si personkundeverksemd var ei av sakene det var behov for å sjå nærare på, men Konkurransetilsynet hadde ikkje grunnlag for å gripe inn i oppkjøpet.

– Vi har ein konkurransekontroll i Noreg for å unngå konsentrerte marknader. Samstundes er det berre dersom ein har haldepunkt for at eit oppkjøp i betydeleg grad vil hindre effektiv konkurranse, at vi kan stoppe det, seier Søreide.

Til tross for at Konkurransetilsynet ikkje fann grunnlag for å stoppe fusjonen mellom Nordea og Danske Bank, meiner tilsynet at konkurransen i bankmarknaden kunne vore betre.

– Konkurransetilsynet er merksam på at fleire fusjoner i ein marknad kan gi auka fare for koordinert åtferd, og gav i januar innspel til Finansmarknadsmeldinga om korleis tilsynet ser på konkurransen i bankmarknaden. Tiltak som kan redusere søke- og byttekostnadane for forbrukarane og tiltak som reduserer etablerings- og ekspansjonshindringar, vil legge til rette for auka konkurranse i bankmarknaden, seier Søreide.

40700
Bilde av Tina Søreide
Konkurransedirektør Tina Søreide

Pressetelefon: 47 66 77 77