Fornya opplysningsplikt i fleire marknader

Konkurransetilsynet vidarefører kravet om særskild opplysningsplikt for utvalde aktørar i fleire marknader.
Den særskilde opplysningsplikta inneber at selskapa må melde inn alle oppkjøp – også dei som ligg under dei ordinære terskelverdiane for meldeplikt.

Opplysningsplikta gjeld for to år av gangen. Alle selskapa som no vert omfatta, har frå før hatt slik plikt fram til seinast 31. desember 2025. Den fornya opplysningsplikta inneber difor ei vidareføring for dei same aktørane.

Opplysningsplikta er fornya og vidareført for følgande marknader og selskap:

  • Betong: Nordic Concrete Group AS, Heidelberg Materials Norway AS og Unicon AS
  • Alarm: Verisure AS og Sector Alarm Group AS
  • Elbillading: Mer Norway AS, Circle K Norge AS, Eviny Elektrifisering AS, Recharge AS, Tesla Norway AS.
  • Sportsutstyr: Sport Holding AS
  • Regnskapssystemer: Visma AS
  • Bestemte nettbaserte marknadsplassar: Vend Marketplaces AS

– Føremålet med opplysningsplikta er å sikre at Konkurransetilsynet får nødvendig innsikt i oppkjøp som kan påverke konkurransen i marknadene. Når større selskap kjøper opp mindre konkurrentar, kan det i nokre tilfelle svekkje konkurransen og føre til høgare prisar eller færre valmoglegheiter for forbrukarane. Opplysningsplikta er difor eit viktig verkemiddel for å bidra til velfungerande marknader, seier konkurransedirektør Mads Magnussen.

Konkurransetilsynet vurderer jamleg om det er naudsynt å innføre opplysningsplikt for fleire aktørar.

Andre marknader og selskap som har opplysningsplikt til 31.12.2026 er:

  • Drivstoff: Uno-X Mobility, St1 Norge AS, Certas Energy Norway AS, Circle K Norge AS og YX Norge AS
  • Kraft: Statkraft AS, Eviny AS, Skagerak Energi AS, Å Energi AS og Hafslund Kraft AS
  • Avfall: Norsk Gjenvinning Norge AS
  • Avis: Amedia AS, Polaris ASA og Schibsted ASA
  • Vaskeri: Nor Tekstil AS
  • Vedlikehald av infrastruktur under bakken: Norva 24 Holding AS

Marknad og selskap som har opplysningsplikt til 31.03.2026 er:

  • Daglegvare: Norgesgruppen ASA, Coop Norge SA, Rema 1000 og Bunnpris IK Lykke AS

Endret kl 10:11 22. januar 2026. Markedet for hagesenter er tatt vekk fra listen.

52204
Konkurransetilsynet

Pressetelefon: 47 66 77 77