Konkurransetilsynet avsluttar etterforskingssak mot aktørar i marknaden for entreprenørtenester.
– Konkurransetilsynet har gjennomgått og vurdert informasjon innhenta i etterforskinga og har ikkje funne grunnlag for å gå vidare med saka. Vi vil derfor legge bort saka, seier avdelingsdirektør Hanne Dahl Amundsen.
Grunnlaget for saka var informasjon om eit mogleg ulovleg anbodssamarbeid i strid med konkurranselova § 10. Konkurransetilsynet var på bevissikring hos aktørar i marknaden for entreprenørtenester i februar 2022 og november 2022. Konkurransetilsynet har og gjennomført forklaringsopptak i saka.
– Marknaden for entreprenørtenester er ein stor og viktig marknad, og Konkurransetilsynet ser alvorleg på saker om mogleg ulovleg anbodssamarbeid. Vi fekk informasjon frå ein merksam oppdragsgjevar, og valde derfor å etterforske saka. Vi har gjennomført ei omfattande etterforsking, men har altså ikkje funne grunnlag for å gå vidare med saka, avsluttar Amundsen.