Bevissikring i helserelatert marknad

Konkurransetilsynet gjennomførte i mai ei bevissikring hjå aktørar i ein helserelatert marknad.

– Konkurransetilsynet har grunn til å anta at det har føregått utveksling av konkurransesensitiv informasjon mellom aktørar i ein helserelatert marknad, og har difor gjennomført ein uvarsla kontroll for å få bekrefta eller avkrefta mistanken om ulovleg samarbeid, seier etterforskingsdirektør Kari Bjørkhaug.

Bevissikringa er gjennomført på grunnlag av ei avgjerd frå Hordaland tingrett, og Konkurransetilsynet har tatt beslag i relevant materiale som vil bli gjennomgått.

Konkurransetilsynet har ikkje høve til å gå konkret inn på den aktuelle saka, heller ikkje meir konkret om marknaden, men pressetelefonen vil vere tilgjengeleg for generell prosessinformasjon.

Portrettbilde av Kari Bjørkhaug, etterforskningsdirektør i Konkurransetilsynet.
Kari Bjørkhaug, etterforskningsdirektør i Konkurransetilsynet.

Kontaktinformasjon

Pressetelefon: 47 66 77 77

Kari Bjørkhaug,
Etterforskningsdirektør
katr@kt.no
Pressebilder >>