A2008-32 – Norway Pelagic ASA – klage frå Rederiforeningen for Kystringnotfartøy

Bestemmelse ikon Bestemmelse: §10 Ulovlig samarbeid;§11 Misbruk av dominans;§12 Pålegg om opphør

Dokumentdato ikon Dokumentdato: 12.12.2008

Rederiforeningen for Kystringnotfartøy ba i brev av 23. mai 2008 om at Fornyings- og administrasjonsdepartementet skulle sjå nærare på om det kunne utgjera eit brot på konkurranselova at den største kjøparen av sild til konsum, Norway Pelagic, let fiskebåtar som er eigarar i bedrifta få fortrinnsrett ved levering av fangst, og om det ligg føre eit prissamarbeid mellom havgåande ringnotfartøy og Norway Pelagic om å halde låge prisar på sild.

Med bakgrunn i at det er tvilsamt at Norway Pelagic i konkurranserettsleg forstand har ein dominerande stilling, kombinert med at salsmonopolet til Sildesalslaget gjev omfattande rettigheiter til å regulera prisar, dirigera fangster, innføra stopp i fisket med meir, fann tilsynet det tvilsamt at nemnde praksis kan utgjera eit brot på konkurranselova § 11 om misbruk av dominerande stilling. Tilsynet fann på bakgrunn av dei opplysingar som er gjeve heller ikkje grunn til å tru at det føreligg eit prissamarbeid mellom havgåande ringnotfartøy og Norway Pelagic.