A2008-16 – Spis Grilstad AS/Stjernekylling AS – Cardinal Foods AS og Hugaasgruppen AS – avslag på førespurnad om å gripe inn

Bestemmelse ikon Bestemmelse: §10 Ulovlig samarbeid;§12 Pålegg om opphør

Dokumentdato ikon Dokumentdato: 20.06.2008

Stjernekylling AS klagar på ein avtale mellom Cardinal Foods AS og Hugaasgruppen AS om at produsentar av slaktekylling som er knytt til Cardinal skal ha prioritet i periodar med knappleik på kylling. Konsekvensen av avtalen er at Stjernekylling sine produsentar i periodar ikkje får leveranse av daggamal kylling, eller får avkorta sine leveransar. Stjernekylling hevdar at avtalen er i strid med konkurranselova § 10 og at den største konkurranserisikoen er utestenging av andre kjøparar.

Konkurransetilsynet har kome til at avtalen mellom Cardinal og Hugaas sannsynlegvis går inn under gruppefritaket for vertikale avtalar, og at det neppe ligg føre omstende som tilseier at gruppefritaket skal setjast til sides i denne saka. På denne bakgrunn kan tilsynet vanskeleg sjå at det ligg føre eit brot på konkurranselova. Konkurransetilsynet finn difor ikkje å kunne prioritere å bruke ytterlegare ressursar på saka.