Framleis opplysningsplikt i fleire marknader

Konkurransetilsynet vidarefører krav om opplysningsplikt for enkelte aktørar i fleire marknader.


Opplysningsplikta gjer at aktørane må gi opplysningar om alle oppkjøp, også dei som er under dei ordinære terskelverdiane for meldeplikt.

Opplysningsplikta gjeld i to år framover, altså til utgangen av 2022. Alle selskapa som har blitt vurdert i denne omgangen har allereie hatt ei særskilt opplysningsplikt som varte til seinast 31.12.2020, og dette dreier seg altså om at opplysningsplikta vert ført vidare for selskapa.

Opplysningsplikta er fornya og vidareført for følgande marknader og selskap:

• Drivstoff (Uno-X Energi AS, St1 Norge AS, Certas Energy Norway AS og Circle K Norge AS)
• Kraft (Statkraft AS, Bergenshalvøens Kommunale Kraftselskap AS (BKK), Skagerak Energi AS og Agder Energi AS)
• Avfall (Norsk Gjenvinning Norge AS)
• Låsesmed (Assa Abloy Norge AS)
• Vaskeri (Nor Tekstil AS)
• Hagesenter (Plantasjen Norge AS)
• Avis (Amedia AS, Polaris Media ASA og Schibsted ASA)
• Breiband (Telenor ASA)

– Formålet med opplysningsplikta er å gjere Konkurransetilsynet merksam på oppkjøp som desse selskapa gjennomfører. Målet er å hindre dårlegare konkurranse i dei høva små aktørar blir kjøpt opp av større selskap. I verste fall kan slike oppkjøp føre til høgare prisar og dårlegare tilbod til forbrukarane, seier konkurransedirektør Lars Sørgard.

Konkurransetilsynet vurderer jamleg om det er naudsynt å innføre opplysningsplikt for fleire aktørar.

Lars Sørgard, konkurransedirektør

Kontaktinformasjon

Pressetelefon 47 66 77 77


 

Ønsker du e-postvarsel om nyheter fra Konkurransetilsynet? Klikk her >>