Opplysningsplikt for særskilde marknader

 

Konkurransetilsynet kan i medhald av konkurranseloven § 24 påleggje opplysningsplikt for særskilte aktørar i einskilde marknader der graden av lokal konkurranse er særleg sentral.

I slike marknader kan også oppkjøp av mindre aktørar påverke konkurransesituasjonen negativt og føre til høgare priser og dårlegare tilbod til forbrukarane. Opplysningsplikta inneber at aktørane må gi opplysningar om alle føretakssamanslutningar som det aktuelle føretaket er involvert i og som er under terskelen for meldeplikt. Nokre aktørar kan også ha opplysningsplikt for minoritetserverv.

Opplysningsplikta er tidfesta for ein periode på 2 år.

I dag har følgjande aktørar opplysningsplikt:

• Drivstoff: Uno-X Energi AS, St1 Norge AS, Certas Energy Norway AS og Circle K Norge AS
• Kraft: Statkraft AS, BKK AS, Skagerak Energi AS og Agder Energi AS
• Avfall: Norsk Gjenvinning Norge AS
• Daglegvare: Norgesgruppen ASA, Coop Norge SA, Rema 1000 og Bunnpris IK Lykke AS
• Låsesmed: AssaAbloy Norge AS
• Avis: Amedia AS, Polaris ASA og Schibsted ASA
• Breiband: Telenor ASA
• Alarm: Verisure AS og Sector Alarm Group AS
• Vaskeri: Nor Tekstil AS
• Hagesenter: Plantasjen Norge ASA
• Betong: Nordic Concrete Group AS, Heidelberg Cement Norway AS og Unicon AS
• Regnskapssystemer: Visma AS

Opplysningsplikta gjer at Konkurransetilsynet blir merksam på oppkjøp under terskelverdiane som desse aktørane gjennomfører. Og slik setje tilsynet i stand til å vurdere om det er aktuelt å påleggje meldeplikt.

Konkurransetilsynet kan gripe inn mot oppkjøp som er under terskelverdiane dersom dei forverrar konkurransesituasjonen til skade for forbrukarane. Tilsynet er opptekne av god konkurranse til beste for forbrukaren.

Konkurransetilsynet vurderer kontinuerleg om det er behov for å innføre opplysningsplikt for fleire aktørar og i andre marknader.

Opplysningsplikta er viktig for at Konkurransetilsynet skal kunne overvake konkurransen i ulike marknader og for å sikre ein effektiv kontroll med føretakssamanslutningar. Brot på opplysningsplikta kan føre til eit gebyr på opp til 1 prosent av føretaket si omsetnad.