I morgon blir ei ankesak handsama i EU-domstolen. Saka gjeld ein samanslåing mellom dei to globale kreftdeteksjonsselskapa Illumina og Grail, som EU-kommisjonen granska på oppfordring frå Frankrike sine konkurransemyndigheiter. Noreg og konkurransetilsynet støttar Frankrike sin førespurnad og EU-kommisjonen si gransking. Vi ser det som viktig at slike globale samanslåingar blir granska for å verne både norske og europeiske forbrukarar.
Illumina, ein global aktør innan genetisk analyse, kunngjorde sitt ønske om å kjøpe Grail i september 2020. Fusjonen vart rapportert til amerikanske konkurransemyndigheiter, men vart ikkje melde til EU-kommisjonen då ho ikkje nådde meldegrensene i EUs fusjonsforordning (EUMR). Likevel gir EUMR artikkel 22 medlemslanda høve til å vise slike fusjonar til behandling i kommisjonen.
Frankrike bad om at samanslåinga skulle vurderast av kommisjonen, og Noreg støtta denne førespurnaden. I mars 2021 presenterte kommisjonen nye retningslinjer for bruk av EUMR artikkel 22, og i september 2022 forbaud dei oppkjøpet. Illumina saksøkte EU-kommisjonen og hevda at kommisjonen ikkje hadde rett til å vurdere samanslåinga. Dei peika på at transaksjonen vart kunngjort før retningslinjene vart publiserte. I 2022 konkluderte Underretten med at kommisjonen hadde rett til å vurdere saka.
Medan saka vart diskutert, fullførte likevel Illumina oppkjøpet. I 2023 gav EU-kommisjonen Illumina ei bot på 432 millionar euro for brot på EUMR. Kommisjonen konkluderte med at Illuminas oppkjøp av Grail ville avgrense konkurransen og innovasjon innan blodbaserte testar for tidleg påvising av kreft i heile EU/EØS, inkludert Noreg. På denne måten har kommisjonen forhindra negative konsekvensar for norske forbrukarar.
EUMR Artikkel 22 gir EU-kommisjonen ein tryggingsmekanisme for å fange opp fusjonar som ikkje er meldepliktige, men som likevel kan ha skadelege effektar på konkurransen i EUs indre marked. Dette bidreg til effektiv kontroll av oppkjøp frå store, dominerande aktørar, inkludert oppkjøp retta mot å fjerne konkurranse frå nyetablerte eller potensielle konkurrentar (såkalla ‘killer acquisitions’), og styrker fusjonskontrollen i heile EU/EØS, inkludert Noreg.
EU-kommisjonen sin konklusjon viser kor viktig det er med eit internasjonalt samarbeid i handhevinga av konkurransereglane, noko som kjem forbrukarane til gode både i Noreg og resten av Europa. Illumina har anka saka, og anken blir no handsama av EU-domstolen, som skal høyre saka den 12. desember.
Pressetelefon: 47 66 77 77