Konkurransetilsynet mottok 455 tips om mogleg konkurranseskadeleg åtferd og lovbrot i 2024.
I løpet av 2024 vart det gjennomført ein brei tipskampanje på fleire plattformer og gjennom informasjonsmøte med næringslivet. Målet var å få inn fleire tips og auke kunnskapen om konkurranselova. Tipsa har både dreidd seg om ulovleg samarbeid og misbruk av dominerande stilling.
– Å få inn tips om brot på konkurranselova er ei viktig kjelde for effektiv handheving av konkurranselova. At vi får så mange tips seier noko om at folk veit kvar dei kan vende seg dersom dei mistenker brot på konkurranselova, seier Gjermund Nese, fungerande konkurransedirektør.
I ei undersøking Konkurransetilsynet tidlegare har gjennomført meiner om lag 1 av 3 bedriftsleiarar at det går føre seg ulovleg samarbeid i Noreg. Og lovbrot dei meiner vert gjort er i hovudsak prissamarbeid, informasjonsutveksling og marknadsdeling.
I 2024 kom Konkurransetilsynet med eit vedtak mot tre aktørar i ei etterforskingssak i daglegvaremarknaden, avslutta ei etterforskingssak i apotekmarknaden og starta ei etterforskingssak i marknaden for trafikkskular.
Mange oppkjøp og fusjonar
Konkurransetilsynet har i 2024 behandla 151 meldingar om føretakssamanslutningar. 98 prosent av desse vart avslutta innan 25 verkedagar. Talet på meldingar om føretakssamanslutningar har auka frå året før, då det kom 113 slike meldingar. Tilsynet greip i 2024 inn mot Norva24 Vest sitt oppkjøp av Vitek Miljø. Vedtaket vart oppretthalde av Konkurranseklagenemnda.
– Vi har merka ei auke i talet på meldingar om fusjonar og oppkjøp. 98 prosent er klarert innan 25 dagar. Ei effektiv fusjonskontroll sparer ressursar for næringslivet og bidreg til velfungerande konkurranse, seier Nese.
I Konkurransetilsynets årsrapport for 2024 kan du lese meir om dette og dei ulike sakene frå i fjor. Her finn du òg meir generell informasjon om tilsynets arbeid.
Her finn du heile årsrapporten →
*Ei ny utgåve av årsrapporten vart publisert 02. april klokka 13:05. Talet for andel fusjonar som vart klarert innan 25 dager, vart retta frå 92% til 97,35%.
48488
Fungerande konkurransedirektør Gjermund Nese
Pressetelefon: 47 66 77 77