Tillet at Nordea kjøper Danske Bank

Konkurransetilsynet har i dag orientert Nordea om at tilsynet tillet oppkjøpet av Danske Bank si personkundeverksemd.

Konkurransetilsynet fekk melding om oppkjøpet 3. oktober 2023. Bankmarknaden er ein stor og viktig marknad for norske forbrukarar. Det har derfor vore nødvendig å vurdere Nordea sitt oppkjøp av Danske Bank si personkundeverksemd nærare. I arbeidet med saka har tilsynet henta inn og analysert detaljert informasjon frå partane, konkurrentar og andre aktørar i bankmarknaden.

– Konkurransetilsynet har no vurdert oppkjøpet grundig, og kome til at Nordea sitt oppkjøp av Danske Bank ikkje i betydeleg grad vil hindre effektiv konkurranse i bankmarknaden. Dermed kan oppkjøpet gjennomførast, seier konkurransedirektør Tina Søreide.

Velfungerande konkurranse er avgjerande for at norske bankkundar skal betale lågast mogleg rente på sine boliglån. Forbrukarane kan sjølv bidra til at konkurransen fungerer så godt som mogleg ved å vere aktive i marknaden. Derfor bør forbrukarane sjekke vilkåra på sine boliglån, forhandle med banken om betre vilkår og om nødvendig byte bank.

Konkurransetilsynet si saksbehandling

– Melding motteke 3. oktober 2023

– Konkurransetilsynet varslar om behov for å sjå meir på oppkjøpet 7. november (lovpålagt 25-dagars varsel)

– Konkurransetilsynet tillet oppkjøpet 15. desember 2023

Sjå prosess for lovpålagt behandling av fusjonar og oppkjøp (konkurransetilsynet.no)

36918
Konkurransedirektør Tina Søreide
Konkurransedirektør Tina Søreide

Pressetelefon: 47 66 77 77