Konkurransetilsynet har i dag varsla eit gebyr på 30 millionar kroner til Schlumberger for å ha gitt uriktige opplysningar i meldinga av eit oppkjøp.
– Plikta til å gi riktige og fullstendige opplysningar til Konkurransetilsynet er grunnleggjande for at tilsynet skal kunne handheve konkurranselova, og for å kunne drive effektiv kontroll med fusjonar og oppkjøp, seier konkurransedirektør Mads Magnussen.
Etter konkurranselova kan eit føretak bli ilagd eit lovbrotsgebyr på inntil 1 prosent av føretaket sin omsetning dersom det gir uriktige eller ufullstendige opplysningar til Konkurransetilsynet.
Konkurransetilsynet fekk melding 21. januar 2025 om at Schlumberger overtek 100 prosent av aksjane i ChampionX. I meldinga vart det mellom anna gitt informasjon om dei to aktørane si rangering i tidlegare anbodskonkurransar for produksjonskjemikaliar, og informasjon knytt til kva slags produkt Schlumberger nyttar i sine boretenester på norsk sokkel.
Under behandlinga av saka vart tilsynet kjent med at delar av denne informasjonen i meldinga ikkje samsvarte med den faktiske situasjonen. Desse opplysningane var relevante for tilsynet sine vurderingar av oppkjøpet.
– Konkurransetilsynet er underlagd korte tidsfristar i slike saker, og det er derfor avgjerande at vi kan leggje til grunn at opplysningane som blir gitt, er korrekte og fullstendige, seier Marita Mæland Skjæveland, avdelingsleiar i Konkurransetilsynet.
– Potensiell skade er stor, ettersom tilsynet kan kome til å fatte avgjerd på feil grunnlag. Vi ser derfor alvorleg på slike tilfelle. For at gebyret skal ha tilstrekkeleg preventiv effekt, og dermed bidra til ein effektiv kontroll med fusjonar og oppkjøp, har vi varsla eit betydeleg gebyr, seier Magnussen.
Konkurransetilsynet gjer merksam på at vurderingane som blir presenterte i varselet, er førebelse, og at det ikkje er fatta endeleg vedtak i saka.
– Dette er eit varsel som no er lagt fram for Schlumberger. Dei vil få høve til å kome med sine merknader før det eventuelt blir fatta vedtak, seier Mæland Skjæveland.
Schlumberger har frist til 19. mars for å sende inn sine merknader til varselet.
52204
52645
Pressetelefon: 47 66 77 77