Vipps må gje tilgang til BankAxept og BankID i tre nye år

I 2018 vedtok Konkurransetilsynet at Vipps AS fekk kjøpe BankAxept AS og BankID Norge AS på vilkår. Vedtaket vart fornya med tre år i 2021.

Konkurransetilsynet har no vurdert saka på nytt, og kome fram til at utviklinga i marknaden ikkje har ført til endringar som endrar Vipps sine moglegheiter og insentiv til å stenge ute konkurrentar.

Det er óg tilsynet si vurdering at det ikkje er haldepunkt for at denne utviklinga vil endre seg i løpet av dei neste to til tre åra.

Konkurransetilsynet meiner difor at det er behov for at vedtaket fornyast med tre nye år.

Ein føresetnad for at føretakssamanslutninga ble godkjent, var mellom anna at Vipps måtte gje tredjeparts betalingsløysingar tilgang til BankAxept og BankID på ikkje-diskriminerande vilkår.

Konkurransetilsynet har gjennomført ei høyringsrunde der marknadsaktørar og interessentar har fått høve til å uttale seg. Høyringssvara frå marknadsaktørane viser at det framleis er behov for at vilkåra vidareførast.

– BankAxept og BankID er framleis store aktørar innan betalingssystem og ID- og signaturtenester, og er viktige innsatsfaktorar i marknaden for betalingsløysingar, seier seniorrådgjevar Kristjan Ryste.

Konkurransetilsynet har vurdert at føretakssamanslutninga mellom Vipps, BankAxept og BankID framleis i betydeleg grad vil hindre effektiv konkurranse, og at vilkåra framleis er nødvendige for å dempe dei konkurranseavgrensande verknadene av føretakssamanslutninga.

– Vilkåra i vedtaket legg til rette for at konkurrerande betalingsløysingar til Vipps skal kunna etablere seg og konkurrere i marknaden. Konkurransetilsynet skal særleg ta omsyn til interessene til forbrukarane, og vi meiner at ei vidareføring av vilkåra vil bidra til at forbrukarane kan få tilgang til best mogleg betalingsløysingar til lågast mogleg pris, seier fungerande nestleiar Hanne Falkanger.

Vedtaket gjeld til og med 27. april 2027.

Her finner du vedtaket.

43943
Portrettbilde av Kristjan Ryste
Kristjan Ryste, seniorrådgiver i Konkurransetilsynet.
2331
Portrettbilde av seniorrådgiver Hanne L. Falkanger, Konkurransetilsynet.
Prosjektleder Hanne L. Falkanger, Konkurransetilsynet.

Kontaktinformasjon

Pressetelefon: 47 66 77 77

Ønsker du e-postvarsel om nyheter fra Konkurransetilsynet? Meld deg på nyhetsvarsel her.