10 teikn på ulovleg anbodssamarbeid

Er du innkjøpar eller kjenner nokon som er innkjøpar i offentleg sektor? Her er ti teikn på ulovleg samarbeid som innkjøparar bør vere merksame på:

 

1) Det kjem sjeldan anbod frå bedrifter som det er naturlig å forvente anbod frå.

2) Unaturleg høg prisstigning på anboda.

3) Vesentleg fall i prisnivået hos dei etablerte bedriftene ved anbod frå ein ny konkurrent.

4) Same bedrift har nesten alltid lågast pris sjølv om det ikkje er spesielle grunnar til det.

5) Anboda frå konkurrerande bedrifter er nesten identisk bygd opp.

6) Ei bedrift avslører detaljkunnskap til ein konkurrent sitt anbod før anbodsfristen.

7) Berre ei bedrift har delteke på anbodssynfaringa sjølv om fleire bedrifter leverer anbod.

8) Det er stor prisforskjell på anbodet som er valt og dei andre anboda.

9) To eller fleire bedrifter bytter på å gje lågast anbod etter eit fast mønster.

10) Bedrifta med det vinnande anbodet brukar stort sett konkurrentane sine som underleverandørar.

 

Kjenner du igjen eit eller fleire av desse faresignala eller er det noko anna du reagerer på som du vil drøfte med oss? Ta kontakt med Konkurransetilsynet. Du kan bruke vårt elektroniske tipsskjema på konkurransetilsynet.no eller ringe våre etterforskarar Vidar Erichsen på tlf 911 29 409 eller Erling Espeskog på tlf 948 39 809.