Konkurranseklagenemnda har gjeve Konkurransetilsynet medhald i at seks aktørar i elektrobransjen braut konkurranseloven.
Selskapa vart samde om identiske prisar og utveksla annan konkurransesensitiv informasjon i forkant av inngivelse av tilbod i ein anbodskonkurranse om skulebygg i Oslo.
Samarbeidet fann stad våren 2014, og anbodskonkurransen gjaldt vedlikehald og reparasjon av elektriske installasjonar i Undervisingsbygg Oslo KF sine skulebygg.
– Vi er nøgd med at vedtaket understrekar at denne typen anbodssamarbeid utgjer ein alvorleg overtredelse av konkurranseloven. Ulovleg samarbeid mellom konkurrentar er særs skadeleg. Det kostar samfunnet store summar og gjer at innkjøparar og forbrukarar må betala meir for varer og tenester. Samstundes ser vi at Konkurranseklagenemnda meiner gebyra er for høge og at desse er redusert, seier juridisk direktør Karin Stakkestad Laastad.
Til saman må dei seks føretaka betala 4,7 millionar kroner i gebyr.
Offentleg versjon av Konkurranseklagenemnda sitt vedtak >>
Dette er saka:
- Konkurransetilsynet gjennomførde bevissikring hos El Proffen AS/EP Contracting AS, Lysteknikk Elektroentreprenør AS og Elektro Nettverk Service AS 25. juni 2014.
- I etterkant av bevissikringa vart det gjennomført forklaringsopptak med sentrale personar i dei seks involverte faretaka og i Undervisingsbygg.
- Varsel om ilegging av overtredelsesgebyr for ulovleg samarbeid vart send til selskapa 16. mars 2016.
- Partane innga sine merknader til varselet i mai 2016.
- Konkurransetilsynet sende endeleg vedtak om ilegging av til saman vel 18 millionar kroner i overtredelsesgebyr i saka 4. september 2017.
- Partane påklaga vedtaket 2. mars 2018.
- I vedtak datert 31. august 2018 har Konkurranseklagenemnda ilagt dei seks føretaka til saman 4,7 millionar kroner i gebyr for ulovleg anbodssamarbeid.
Konaktinformasjon:
Karin Stakkestad Laastad,
juridisk direktør
Pressebilete >>
Pressetelefon: 47 66 77 77