Konkurransetilsynet har jobba systematisk og effektivt med måla frå tildelingsbrevet frå 2018 og frå strategiplan 2017-21. Tilsynet har nådd ut breitt med dei sakene vi jobbar med, vi har auka kjennskapen til konkurransereglane, og vi påpeiker betydinga av konkurranse der det er til fordel for forbrukarar og næringsliv.
I sum har dette bidrege til at selskap i større grad etterlever konkurransereglane, og regelverket i enkeltnæringar i større grad fremmar sunn konkurranse.