Nye reglar for garanterte pensjonsprodukt vil mellom anna styrka byteretten til kundane
Garanterte pensjonsprodukt gir individuelle kundar eller medlemmer i ei kollektiv pensjonsordning krav på ei gitt årleg garantert pensjonsyting frå uttakstidspunktet. Finanstilsynet har foreslått ei rekke endringar i regelverket for garanterte pensjonsordningar. To av regelendringane vil gjere skifte av pensjonsleverandør meir forståeleg og hindrar at verdiar blir liggande igjen hos gammal pensjonsleverandør.
Konkurransetilsynet stiller seg positiv til fleire av endringane som er foreslått av Finanstilsynet. Ved å redusera bytekostnader kan desse endringane bidra til verksam konkurranse innanfor garanterte pensjonsordningar, som igjen vil komme kundane til gode i form av høgare avkasting og/eller lågare forvaltnings- og risikopremiar.
Marknaden for garanterte produkt kan karakteriserast som ein moden marknad ved at det er få til ingen nye kontraktar som blir tildelte, og konkurransen føregår om eksisterande kontraktar. Dersom det er høge kostnader i form av at kapital haldast tilbake og tapt kapital, kan det føra til at kundane vel å halda fram kundeforholdet med ein leverandør sjølv om det er betre produkt tilgjengeleg i marknaden. Dette forsterkar behovet for å sikra eit godt byteregelverk som bidrar til at pensjonsleverandørane har insentiv til å levera eit best mogleg produkt.